Fylkesting for ungdom samlar unge frå 29 kommunar i Vestland
Årets fylkesting for ungdom blir på Scandic Flesland Bergen frå laurdag 14. til måndag 16. mars. 53 delegatar frå 29 kommunar skal løfte viktige saker for ungdom i sin kommune.
Fylkesting for ungdom er ein konferanse for ungdom mellom 13 og 19 år. Det blir arrangert ein gong i året.
– Fylkesting for ungdom er den viktigaste arenaen vi har for å samle stemmene til ungdom i heile Vestland. Når kommunane sender representantar, får vi eit breitt og ekte bilete av kva unge faktisk er opptekne av. Det gjer at vi kan påverke politikken på ein måte som merkast, både lokalt og i fylket, seier Marcus Askildsen, leiar i Vestland ungdomsutval.
Får påverke direkte
Representantane frå ungdomsråda kan ta med seg innspel og saker frå eigen kommune. Kriteria er at det anten handlar om noko som ligg under ansvarsområda til fylkeskommunen eller er eit problem som går igjen fleire stader i Vestland.
Samtidig står kommunane ganske fritt. Dei kan i praksis ta med det dei meiner er viktig for ungdom i kommunen sin. Alle sakene som blir tekne opp på fylkesting for ungdom blir med inn i arbeidet med planprogrammet for ungdomspolitikken som skal reviderast under FFU.
Sakene blir først presenterte og debatterte i fylkestinget, og deretter blir det stemt over kva som skal inn i planprogrammet. På den måten får ungdom frå heile fylket vere med og påverke direkte kva som blir prioritert vidare.
Planprogrammet seier noko om kva Vestland ungdomsutval skal jobbe med og for det neste året.
Til program og tingdokument for fylkesting for ungdom 2026
Val til Vestland ungdomsutval
På fylkesting for ungdom er det mogleg å stille til val til Vestland ungdomsutval. Nedre aldersgrense er 13 år og øvre aldersgrense er fram til fylte 19 år. Berre delegatar kan stille til val.
Ungdomsutvalet har ni medlemmer og er arbeidsutvalet til ungdomstinget. Det er eitt av medverknadsorgana i fylkeskommunen og skal gje uttalar til ulike saker før dei går til politiske vedtak.
Desse kommunane er representerte
Kvar kommune i Vestland, uavhengig av folketal, kan sende to delegatar til fylkesting for ungdom. Desse skal veljast frå dei kommunale ungdomsråda. Delegatar stiller med tale-, forslags- og røysterett.
Kommunar som sender representantar i år er:
Alver, Askøy, Austevoll, Austrhiem, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fitjar, Gloppen, Kinn, Kvam, Kvinnherad, Luster, Masfjorden, Modalen, Samnanger, Sogndal, Stad, Stord, Stryn, Sunnfjord, Sveio, Tysnes, Ulivk, Vaksdal, Voss og Øygarden.
Om kommunane ynskjer å sende fleire representantar, er det plass til totalt ti observatørar. Alle observatørplassane er i år tekne. Observatørar stiller med talerett, men utan forslags -og røysterett.
Det kjem i tillegg to besøkande (observatørar) frå ungdomsrådet i Akerhus fylkeskommune, og to frå Telemark.
Startidspunkt er laurdag 14. mars klokka 16, med avslutning måndag 16. mars klokka 15.