Bli med og forme Ibsen-jubileet i Vestland
I 2028 er det 200 år sidan Henrik Ibsen vart fødd. Det skal feirast over heile landet, og du kan vere med å bestemme korleis Vestland skal markere jubileet.
Vestland fylkeskommune inviterer til eit halvdagsseminar i Bergen torsdag 12. november. Målet er å samle lokale aktørar for å inspirere til samarbeid, utvikle idear og planleggje korleis vi skal feire Ibsen i Vestland i 2028. Målgrupper er mellom anna aktørar frå kulturlivet, næringslivet, akademia og skulesektor.
Nasjonalbiblioteket har det nasjonale koordineringsansvaret for jubileet, Ibsen200. Vestland fylkeskommune skal koordinere det her i fylket.
Ibsen i Vestland
Henrik Ibsen hadde ei særleg tilknyting til Vestland. I perioden 1851–1858 arbeidde han ved Det norske teateret (no Den Nationale Scene). Han var først tilsett som husdramatikar, og seinare arbeidde han òg som sceneinstruktør. Erfaringane frå desse åra fekk stor betydning for han vidare som dramatikar.
I 1862 fekk Ibsen 110 spesidalar i stipend for å gjennomføre ei innsamlingsreise gjennom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Der samla han inn folkeviser og folkesong. Vestlandsreisa syner også att i fleire av dei seinare verka til Ibsen. Både Brand og Peer Gynt er prega av norsk natur og folkeliv, og særleg Brand har tydelege referansar til vestlandsnaturen og fjordlandskapet der.
Du kan lese meir om samlarferda i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre på kringom.no.
Inspirasjon og rundebordssamtalar
På seminaret i Bergen 12. november blir det informasjon frå Nasjonalbiblioteket om Ibsen200. I tillegg kjem professor Frode Hemlich Pedersen for å fortelje om Ibsen og forholdet hans til Bergen. Samlarferda i 1862 vert tema i eit innlegg av Anette Storli Andersen i Telemark fylkeskommune.
Det er vidare lagt opp til rundebordssamtalar og inspirasjonsinnlegg.