Gir 2 millionar til trygge russearrangement - søk no
Ideelle organisasjonar og frivillige kan no søkje om midlar til tilrettelegging av russearrangement. Søknadsfristen er 20. mars.

Hovudutval for opplæring og kompetanse løyvde i januar inntil 2 millionar kronar til tilrettelegging av russearrangement i regi av ideelle organisasjonar og frivillige i fylket. Vestland fylkeskommune skal ikkje vere arrangør for russearrangementa.
Russefeiringa er privat
Russefeiringa er ei privat feiring som markerer skuleavslutninga i vidaregåande opplæring. For ein del elevar utfordrar russefeiringa retten til å høyre til eit godt og inkluderande skulemiljø. I heile landet blir det meldt om utanforskap, kjøpepress og ekskludering i samband med russefeiringa.
Vestland fylkeskommune har gjennom mange år arbeid for ei trygg og inkluderande russefeiring. I fjor var det to arrangement for russen i Bergen i tråd med føringane gitt av fylkesutvalet. I tillegg blei det gjennomført arrangement på Breim og i Sogndal som fekk støtte til transport. Tilbakemeldingane frå arrangementa har vore positive og evalueringa av russetida 2024 viser at Vestland fylkeskommune er på rett veg.
Krav til arrangement
Det vert stilt krav om at arrangementa:
- er ope for alle som er russ i 2025
- ikkje tillet at ungdom som ikkje er russ i 2025 får delta
- ikkje gjer tilgang for russebussar eller andre køyretøy
- skal vere lokalisert nær offentleg transportmiddel.
Tilskottet frå fylkeskommunen kan nyttast til:
- å sikre område og vakthald
- sanitære fasilitetar
- avfallshandtering
Det er også mogleg å søkje om tilskott til transport til arrangement.
Korleis søkje
Frivillige og ideele organisasjonar som vil søkje om tilskot kan sende ei kortfatta søknad til Lene.Mari.Fjeldsbo@vlfk.no.
Søknaden må innehalde informasjon om arrangementstad, tidspunkt for arrangement, korleis ein vil ivareta sikring og vakthald, sanitære fasilitetar og avfallshandtering.
Søknadsfristen er 20. mars.