Rekordtildeling av spelemidlar til Vestland
Vestland får i år 294,4 millionar kroner til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Det er mest av alle fylka og meir enn nokon gong før.

– No er det mange kommunar, lag og organisasjonar som kjem til å bli positivt overraska! Dette er verkeleg ei gladsak for heile fylket. No får vi endeleg vekk ein del av etterslepet som har vore i spelemiddelordninga, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Tildeling 20. mai
Spelemidlane er del av overskotet til Norsk Tipping og går til både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg, altså anlegg som legg til rette for eigenorganisert aktivitet nær der folk bur. Tildelinga frå Kultur- og likestillingsdepartementet kom fredag 9. mai.
Vestland fylkeskommune har også 41,5 mill. kr i inndregne midlar og renter til årets tildeling. Det betyr at hovudutval for kultur, idrett og inkludering skal fordele over 335 millionar i møtet 20. mai.
Resultat av godt arbeid
Hovudutvalsleiaren meiner tildelinga skuldast godt og langsiktig arbeid av mange i Vestland.
– Denne rekordtildelinga er resultatet av eit langt og godt arbeid av kommunane, idretten, lag og organisasjonar. Det er også eit resultat av at vi har drive politisk påverknad mot staten for å få ned etterslepet. Det er godt å sjå at dette arbeidet gjev resultat. Og det er særleg viktig i tider med stadig strammare kommuneøkonomi. Mange av anlegga det blir søkt midlar til, er alt bygde. Å få spelemidlar betyr mindre renter å betala for kommunane, seier Nødseth.
Avgjerande for anleggsbygging
Vestland fylkeskommune fordelte 258 mill. kr i spelemidlar i 2024 og 256 mill. kr i 2023. Årets tildeling er såleis eit stort steg opp.
– Spelemidlane her heilt avgjerande for at vi får bygd anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv her i fylket. Og det igjen er avgjerande for folkehelsa, idrettsopplevingar, integrering, trivsel og veldig mykje meir, slår Nødseth fast.