Lyser ut over 40 millionar til breibandutbygging i Vestland

– Vestland leverer på breibandutbygging. Vi er no på god veg til å bli det første fylket som klarar å nå den nasjonale målsetninga om gigabit til alle innan 2030, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring. No lyser Vestland fylkeskommune ut ein ny, stor pott til breibandutbygging i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut.

foto av glad dame som sitter i vindu med pc.
GOD DEKNING SKAL BLI ENDÅ BETRE: Vestland er det fylket i landet – dersom ein ser vekk frå Oslo – som har best breibanddekning. 98,1 prosent av husstandane har dekning med hastigheit på minst 1 gigabit/s, og 99,4 prosent av husstandane har dekning med hastigheit på minst 100 megabit/s. (Foto: Shutterstock)

Vedtaket vart gjort i hovudutval for næring 17. september.
Dei gode resultata heng saman med eit langsiktig og godt arbeid i Vestland, der fylkeskommunen og fleire kommunar har løyvd ekstra tilskotsmidlar, i tillegg til midlane som er løyvd over statsbudsjettet. Fleire av utbyggjarane har også bidratt med store beløp i spleiselaget.

Har nådd måla eitt år før tida

«Temaplan for breiband og digitalisering i Vestland 2023-2029» har som mål at «Vestland skal ha ein godt utbygd digital infrastruktur, både fast og trådlaus. Breibandet skal vere raskt, tilgjengeleg og robust. 98 prosent av alle verksemder, offentlege bygg og husstandar skal ha gigabitdekning innan 2026. Resten skal ha minst 100 Mbit/s».

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) samlar kvart år inn data frå alle tilbydarar av fast og mobilt breiband i Norge. Årets kartlegging, som vart publisert 7. mai 2025, er basert på data frå alle faste og mobile breibandleverandørar ved utgangen av 2024. Tala i oversikten viser dekninga av breiband som ein prosent av talet på husstandar. I Nkom si kartlegging er Vestland det fylket i landet – dersom ein ser vekk frå Oslo – som har best breibanddekning. 98,1 prosent av husstandane har dekning med hastigheit på minst 1 gigabit/s, og 99,4 prosent av husstandane har dekning med hastigheit på minst 100 megabit/s. Målsetjinga i temaplanen er dermed nådd eitt år før tida.

Ny ordning i 2026

2025 er eit «mellomår» i breibandstøtteordninga i Vestland. Dette er siste året i ordninga slik den er no. Ordninga neste år ser ut til å bli meir gunstig for å nå målet om gigabit-dekning. No er det ein del hustandar og bedrifter som har trådlaust nett, men ønsker eit betre tilbod. Desse ligg rett over grensa for kven som kan få tilskot i år. Neste år vil desse truleg kome inn i ordninga på grunn av regelendring.

Vestland fylkeskommune vil gjere ei samla vurdering på om det er meir hensiktsmessig for prosjekta å vente til ny breibandordning frå 2026.

Ramma for 2025 er 40 827 112 kr. Midlar som ikkje vert nytta i 2025, blir overført til ny ordning i 2026.

Søknadsfrist for kommunane er 22. oktober 2025.

Les meir om tilskotsordninga og finn søknadsskjema

Til politisk sak 74/2025 Prinsipp for tildeling av breibandmidlar 2025