Kven bør få den første kulturprisen til Vestland fylkeskommune?

Prisen er på 50 000 kr og kan gå til ein person eller ein organisasjon som har utmerkt seg i kunst- og kulturlivet i fylket.

foto frå bybanestoppet på Haukeland, nærbilete av mosaikk.
NY KULTURPRIS: Prisvinnaren må vere nokon som syner kreativitet og evne til nyskaping og/eller nokon som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på og formidle kulturarven. Fristen for å nominere er 15. september. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Kulturfylket Vestland er summen av dei som skapar og utviklar kunst- og kulturlivet i fylket vårt. Den nye kulturprisen skal heidre nokon som har vore ein spydspiss i dette arbeidet og som gjennom sitt arbeid har løfta Vestland, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.  

Fristen for å nominere kandidatar til den nye prisen er 15. september. Alle som vil, kan enkelt føreslå kandidatar til kulturprisen på nettsida til Vestland fylkeskommune. Alle nominasjonar må grunngjevast, og det går ikkje an å nominere seg sjølv.  

Kulturinnsats utover det vanlege 

Kulturprisen kan gå til ein person, eit lag eller ein organisasjon, som har bidrege til å syne fram Vestland som ein leiande kulturregion. Den eller dei som får prisen må ha vist ein kulturinnsats utover det vanlege, som har hatt betydning for heile eller ein større del av fylket.  

Prisvinnaren må vere nokon som syner kreativitet og evne til nyskaping og/eller nokon som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på og formidle kulturarven. 

Utdeling i desember 

– No håpar eg vestlendingar og andre nyttar sjansen og nominerer nokon dei meiner fortener ekstra merksemd for innsatsen sin for kulturen. Og eg håpar prisen inspirerer alle til å vere med og vidareutvikle kulturfylket Vestland, seier Nødseth.  

Kulturprisen blir delt ut på fylkestinget i Bergen 9. og 10. desember. 

Les meir om prisen og korleis du nominerer kandidatar

Eigen frivilligpris

Vestland fylkeskommune har også ein eigen frivilligpris, som skal motivere, synleggjere og verdsette frivilligheita i fylket. Les meir om denne og nominer kandidatar til frivilligprisen på denne sida.