Midlar frå fylkeskommunen har gjort målarbedrifta meir miljøvenleg

For Malermester Eilert & Edvin Holme AS i Sogndal har midlar til bedriftsintern opplæring vore avgjerande for å få på plass miljøvenleg utstyr og løysingar. No kan di verksemd også søke støtte, og bidra til det grøne skiftet.

foto av mann som står ved ein vask og jobbar
RESIRKULERER MEIR: Med støtta frå fylkeskommunen har Malermester Eilert & Edvin Holme AS redusert både avfallskostnader og risiko for feilhandtering av farleg avfall. Det er innført tiltak som legg til rette for gjenbruk, betre utnytting av ressursar og sirkulær økonomisk tenking. Det fortel administrasjonsleiar Bjarte Hovland (biletet). (Foto: Malermester Eilert & Edvin Holme AS)

Malermester Eilert & Edvin Holme AS held til i Sogndal, og har ei underavdeling i Hallingdal. Dei tilbyr tenester innan måling, mur, flis og golvlegging. Selskapet sysselset 27 handverkarar frå fleire nasjonar – mellom anna Noreg, Polen, Latvia, Ukraina og Portugal.

Bedrifta søkte om midlar til bedriftsintern opplæring frå fylkeskommunen for første gong i fjor.

Kompetanseheving og opplæring

– Støtta har vore avgjerande for at vi som verksemd innan overflatebehandling kan satse på kompetanseheving og utvikling knytt til handtering av malingsavfall og berekraftige løysningar.

Det seier administrasjonsleiar i Malermester Eilert & Edvin Holme AS, Bjarte Hovland.

Han fortel at midlane har gjort det mogleg å gjennomføre opplæringstiltak som aukar medvitet og kunnskapen blant dei tilsette om korleis dei kan redusere miljøpåverknaden, og sortere og handtere avfall på ein trygg og forsvarleg måte.

– Dette styrkjer både intern praksis, etterleving av regelverk og vårt bidrag til det grøne skiftet i bransjen, seier Hovland.

Leverer mindre til forbrenning

Med midlane har dei redusert både avfallskostnader og risiko for feilhandtering av farleg avfall. Det er innført tiltak som legg til rette for gjenbruk, betre utnytting av ressursar og I ein sirkulær økonomi må produkta vare så lenge som mogleg, blir reparerte, blir oppgraderte og i større grad blir brukte om igjen. Når produkta ikkje kan brukast om igjen, kan avfallet materialattvinnast og brukast som råvarer i ny produksjon. Slik utnyttar vi dei same ressursane fleire gonger og minst mogleg går tapt.. Dette kan innebere at malingsrestar blir leverte til godkjent mottak for korrekt behandling, og at plastemballasje og andre restprodukt blir resirkulert i staden for å gå til deponi eller forbrenning. 

Målarverksemda har og investert i ei reinsemaskin som fjernar målingsavfall frå vaskevatnet før det går vidare ut i vassløpet.

– Vi har investert i miljøvennleg utstyr og løysingar, som system for trygg handsaming og sortering av restavfall, målingsspann og kjemikaliar. Dette har gjort det mogleg å møte strenge miljøkrav utan å gå på kompromiss med lønsemda, oppsummerer Hovland.

Slik søker du midlar 

Vestland fylkeskommune lyser ut 5 250 000 kroner til bedriftsintern opplæring for 2025.

Bedriftsintern opplæring skal nyttast til kompetanseheving som fremjar:

  1. Grøn omstilling i form av endring i produksjon, etablering i nye marknader.
  2. Inkludering.
  3. Beredskap og styrking av lokal, regional og nasjonal totalberedskap.

Det er berre bedrifter som kan søke, og øvre søknadssum er sett til 250 000 kroner, samstundes som maks beløp per tilsett blir 40 000 kroner.

– Vi ynskjer at potensielle søkarar tek kontakt i forkant av søknadsprosessen for å avklare om det er att midlar å søke på, og eventuelt drøfte innhaldet i eit potensielt prosjekt, seier Per Odd Grevsnes, seniorrådgjevar i avdeling næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune.

Søknadsfristen er løpande, og søknadar vert handsama så lenge det er midlar att i ordninga. Siste frist for innsending av søknadar i 2025 er 31. desember.

Søk om midlar til bedriftsintern opplæring