86 innspel til dei to nye planane for Vestland

Mange har engasjert seg i framtida til fylket i haust når planprogramma for dei to nye regionale planane har vore ute på høyring. No er planprogramma vedtekne, og fylkesordføraren håpar på minst like stort engasjement i den vidare prosessen. 

foto av voss sentrum teke med drone
FRAMTIDSVESTLAND: Kvar og korleis skal vi byggje? Korleis skal vi styrke utdanningstilboda og få fleire i jobb? Korleis skal ta vare på naturen og byggje eit berekraftig næringsliv? Det er berre noko av det dei to nye regionale planane for Vestland skal handle om. (Illustrasjonsfoto frå Voss: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Det har i høyringsperioden vore eit stort engasjement for planarbeidet og prosessen vidare, og planprogrammet er justert i tråd med innspela på fleire område. Vi vil halde fram med tett dialog med både kommunar og andre i det vidare arbeidet, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Planane skal erstatte mange gjeldande planar og strategiar. Regional plan for verdiskaping og kompetanse skal gi overordna rammer, prinsipp og konkrete føringar for utvikling av næringsliv, arbeidsplassar og kompetansefeltet i Vestland. Regional plan for areal og mobilitet skal fastsetje strategiske føringar for utbyggingsmønster, arealforvaltning og transportstruktur i Vestland. 

Brei støtte til nye sektorovergripande planar

Det har vore stor interesse for planane. 86 høyringsinnspel, dei fleste frå kommunane i Vestland, kom inn då planprogramma var ute på høyring og offentleg ettersyn no i haust. Generelt speglar innspela brei støtte til ei forenkling av planverket og arbeidet med dei to nye, sektorovergripande regionale planane. Eit planprogram skildrar planprosessen, inkludert behov for samarbeid med andre og prosessar for medverknad.Onsdag 26. november vedtok fylkesutvalet begge planprogramma med nokre justeringar og moment for det vidare arbeidet.  

Gode tilbakemeldingar frå fylkespolitikarane 

Det vart ein gjennomgang og påfølgande engasjert debatt av dei to planprogramma i fylkesutvalet. Fleire politikarar roste administrasjonen for å ha lytta til høyringsinnspela. 

– Høyringsrunden har vore reell. Det er gjort gode endringar for å klargjere og luke vekk spesielt bekymringar. Eg synest planprogrammet er blitt mykje betre. Eg har forslag til endringar, men alt i alt har de gjort ein god jobb og medverknad, sa Kåre Martin Kleppe (H) om Regional plan for areal og mobilitet. 

– Det er gjort eit arbeid for å løfte perspektivet til eit meir strategisk nivå. Eg er imponert over arbeidet. Det er gjort på ein brei og god måte, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Regional plan for areal og mobilitet  

Det kom inn 47innspel til Regional plan for areal og mobilitet, hovedsakeleg frå kommunar. I tillegg har fleire statlege etatar, interesseorganisasjonar og nokre private aktørar hatt innspel til planprogrammet. Fylkeskommunen har gjort ei grundig vurdering av alle innspel som har kome til planprogrammet. Vurderingane er samla og omtalte i fråsegnsrapporten som ligg ved saka.  

– Høyringsinnspela støttar både forenklinga av plansystemet og den strategiske retninga i planarbeidet. Dei viser samstundes at det er behov for å tydeleggjere at planen skal vere meir overordna, strategisk og mindre detaljstyrande, seier Askeland. 

Høyringsinnspela er positive til færre regionale planar og behovet for å klargjere rollene mellom fylkeskommune og kommunar.  

– Det er ulike syn på detaljnivå og verkemiddelbruk – frå ønske om sterkare styring frå statlege aktørar og eksterne og interne sektorinteresser, til kommunar som vil ha større lokalt handlingsrom. Mange vektlegg behovet for medverknad og forankring sterkt. Vi har hatt fleire innspelsmøte med kommunane og andre høyringsinstansar, og vil halde fram med tett dialog med både kommunar og andre i det vidare arbeidet, understrekar Askeland. 

Alle høyringsinnspela ligg tilgjengeleg på fylkeskommunen sine nettsider: Høyringsinnspel til planprogram for regional plan for areal og mobilitet. 

Regional plan for verdiskaping og kompetanse  

Her kom det inn 39 innspel, hovudsakeleg frå kommunar. I tillegg har Statsforvaltaren, Bane Nor, Kystverket, Helse Førde, Fiskeridirektoratet, Statens vegvesen, fire ulike næringsråd/bedrifter og to interesseorganisasjonar levert høyringsinnspel. Vurderingane er samla og omtalte i fråsegnsrapporten som ligg ved den politiske saka. 

Alle innspela viser brei støtte til ny regional plan, men ønskjer tydeleggjering av nokre omgrep og styrking av nokre undertema. 

– Ein god del av innspela som kom inn er meir relevante for planfasen, og dei tek vi med oss vidare, uttalar Askeland. 

Alle høyringsinnspela ligg tilgjengeleg på fylkeskommunen sine nettsider: Høyringsinnspel til planprogram for regional plan for verdiskaping og kompetanse - Vestland fylkeskommune

Medverknad og vegen vidare 

Mange av dei som har sendt inn høyringsinnspel, forventar å få delta og vere involverte i det vidare planarbeidet for begge planane. Dette er ein godt utgangspunkt, og ein gylden moglegheit for å samarbeide på tvers av forvaltningsnivå, fagområde og innsatsområde.  

– Med eit breitt samarbeid kan vi få betre planar, som er godt forankra og relevante. I tillegg har fleire kommunar kome med merknader om at gjeldande framdriftsplan er for knapp til at det er mogleg for dei få handsame planutkastet i politiske organ. Fylkesutvalet har difor vedteke å utvide høyringsperioden for planane, seier Askeland. 

Høyring og offentleg ettersyn av planforslaga startar hausten 2026.

Vedtaka frå fylkesutvalet 26. november er publisert i møteprotokollen (side 44-48).