- Hjarteleg velkomne til nytt skuleår i Vestland!
Berre med å jobbe i lag kan vi sikre trygge og gode miljø på skulane, der alle er inkludert og trivast! seier Åsmund Berthelsen, leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse, til elevane i Vestland.
Eg vil ynskje elevar, læringar og alle som arbeider i den vidaregåande skulen i Vestland velkomne til eit nytt skuleår! Det er eit stort fellesskap som skal ta til att på eit viktig arbeid, etter ein sommar og ei velfortent pause. Særleg velkomen til dei ungdomane som torsdag for fyrste gong møter på ein vidaregåande skule. Eg kjenner meg trygg på at de vert godt tekne mot!
Vestland fylkeskommune har store og klare mål for den vidaregåande skulen. Vi vil ha den beste skulen der elevane og lærlingane er motiverte, lærer, utviklar seg og meistrar oppgåvene dei får. Og vi vil sikre og utvikle trygge og gode miljø på skulane der alle er inkluderte og trivast. Slik at alle fullfører utdanninga si og får jobb eller studerer vidare. Berre med å jobbe i lag kan vi greie det.
Frå 1. august gjeld det ei ny opplæringslov som betyr nokre viktige endringar for dykk elevar. Den største nyheita er at de no har ein utvida rett til vidaregåande opplæring. Dette betyr at de har rett til å vera på vidaregåande heilt til de har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.
Tidlegare var det ei grense på tre år, men no kan de få den tida de treng for å nå studie- eller yrkeskompetansen deira. De har også fått ein utvida rett til omval fram til de fyller 19 år. Det betyr at de kan bytta retning viss de føler at de har valt feil – og det er heilt greit!
Men det er ikkje alt! Den nye lova legg også stor vekt på at dykkar beste skal vera eit grunnleggjande omsyn i alt som skjer på skulen. De har rett til å medverke avgjerder som gjeld dykk, og de har rett til å seie kva de meiner. Vi oppmodar dykk til å bruke denne retten – dykkar meiningar tel!
Vi veit at det nokre gonger kan kjennast litt overveldande, spesielt i byrjinga, men hugs at vi er her for dykk. Lærarane, rådgivarane og alle oss på skulen er klare til å støtta dykk, same kva de treng.
På vidaregåande handlar det nemleg ikkje berre om å lære fag, men også om å finne ut av kven du er, kva du liker, og kva du drøymer om for framtida. Du vil møte nye venner, få utfordringar og kanskje oppdage interesser du ikkje visste du hadde. Skulen er ikkje berre ein stad for bøker og eksamenar – det er ein stad for utvikling, fellesskap og personleg vekst.
Vi gler oss til å sjå kva de vil oppnå i år, og vi er her for å heia på dykk kvar einaste dag!
Åsmund Berthelsen
Leiar i Hovudutval for opplæring og kompetanse