Desse fylkesvegane i Vestland får ny asfalt i 2024

Asfalteringslista for Vestland i 2024 er klar. Samstundes blir det jobba langsiktig for å stogga det store vedlikehaldetterslepet på dekkelegging.

Bilete av ein humpete oppoverbakke med sprekker i asfalten.
DÅRLEG DEKKE: Det er mykje dårleg asfalt på dei 5600 kilometrane med fylkesveg i Vestland. No får dei med størst behov i 2024 nytt dekke. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Dekkeleggingskontraktane i 2024 vart lyste ut 12. februar. Dei er delt inn i tre område: Vestland nord, Bergen og kommunane rundt Bergen, og Voss, Hardanger og Sunnhordland.

I løpet av 2024 skal Vestland fylkeskommune til saman leggje ut 99 774 tonn med asfalt på 139 028 meter med fylkesveg i Vestland.

Vil teste fleirårige dekkekontraktar

Budsjettet er på 121,4 millionar kroner, inkl. 25 millionar til dekke. Nytt for 2024 er at 5,2 millionar kroner er øyremerka dekke på gang- og sykkelvegar.

Vestland fylke står overfor store utfordringar med vegvedlikehaldet, med behov for å fornye 311 kilometer vegdekke årleg for å halda oppe dagens standard. Trass innsatsen frå 2020 til 2023, dekte dette berre 68 prosent av behovet. I 2024 vurderer fylket no fleirårige dekkekontraktar for betre planlegging og kostnadsreduksjon.

– Vi tenker som ein start å lyse ut eitt av dei tre geografiske områda som ein toårig kontrakt. Då får me erfaringar med dette, samtidig som me ikkje bind opp ein for stor del av dekkeleggingsmidlane over fleire år. Vert fleirårig kontrakt vellukka kan me lysa ut fleire toårige kontraktar, seier Arve Helle, leiar hovudutval for samferdsel og mobilitet.

Utbetring av vegfundament og dreneringssystem

– For å auke levetida på dekke ønskjer vi no, å forsterke og utbetre vegfundament og drenering før dekkelegging der det er behov for det, seier Helle

I 2023 er det gjort levetidsanalyse på dekke og bereevnemålingar på om lag 900 kilometer fylkesveg. På 18 prosent av desse vegane er det registrert kort levetid på dekke, og tilnærma alle dei same strekningane har dårleg bereevne. I 2024 og 2025 er planen å gjennomføra levetidsanalyse på dekke og bereevnemålingar på resten av fylkesvegnettet.

– Dette initiativet siktar mot betre vegvedlikehaldsplanlegging for å halde oppe og forbetre standarden på fylkesvegane over tid, seier Helle.