300 000 kr til sommarjobbsatsing for ungdomar og studentar

Omtrent 7000 unge i fylket er i dag utanfor arbeid, utdanning eller opplæring. No skal ei ny satsing gi dei høve til å skaffe seg verdifull arbeidserfaring som kan opne dørene til faste jobbar i framtida.

Kontorlandskap med fleire unge menneske.
SOMMARJOBB: Prosjektet Sommarjobbar i Vestland i 2025 er eit samarbeid mellom mange aktørar i fylket, og målet er fleire sommarjobbar til fleire ungdomar og studentar. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune skal styrkje arbeidsmoglegheitene for ungdomar og studentar gjennom prosjektet Sommarjobbar i Vestland i 2025. Det vedtok hovudutval for næring 15. oktober og løyvde samstundes 300 000 kr til gjennomføring av prosjektet.

– Sommarjobbar er ein viktig inngangsport til arbeidslivet. Dette tiltaket vil gi ungdomar verdifull arbeidserfaring, samtidig som vi sikrar at næringslivet i fylket får tilført viktig arbeidskraft i sommarmånadane. Vi håpar prosjektet også kan bidra til å redusere utanforskap og styrkje samarbeidet mellom lokalt næringsliv og ungdomar, seier Oddmund Klakegg, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.

Samarbeid med lokale aktørar

Sommarjobbar i Vestland i 2025 skal vere eit samarbeidsprosjekt, med fylkeskommunen, lokalt næringsliv, finansinstitusjonar og NHO i spissen. Ambisjonen er å sikre brei deltaking og støtte frå relevante aktørar. Prosjektet har eit totalbudsjett på rundt ein million kroner.

Prosjektet byggjer på tidlegare suksessar som «Ung arbeidskraft t(i)l Nordfjord», som viste at tidleg arbeidserfaring styrkjer unge si interesse for ein karriere lokalt.

Styrkar heile regionen

Sommarjobbane i 2025 skal såleis ikkje berre gi ungdomar erfaring, men også fungere som eit verktøy for bedrifter til å rekruttere nye talent. Slik kan bedriftene trekke til seg arbeidskraft frå andre delar av landet, noko som igjen kan styrkje arbeidsmarknaden i distrikta, og gjere Vestland til ein attraktiv region for unge arbeidssøkjarar.

– Med denne satsinga håpar vi å sikre fleire unge ein veg inn i arbeidslivet, styrkje lokalt næringsliv og gjere regionen meir attraktiv for framtidige arbeidstakarar, slår Klakegg fast.