Skal få fram den norske kulturarven i Cardiff
– Det er ei sterk kopling mellom Noreg og Wales, og eg skal jobbe for å få fram den norske kulturarven der. Det seier Thomas Husøy-Ciaccia som er historikar i den norske sjømannskyrkja i Cardiff.
Cardiff har i mange år vore venskapsregion med Hordaland. Dette vennskapsbandet er fornya i Vestland fylkeskommune. Sentralt i vennskapet står den over 150 år gamle sjømannskyrkja på hamna i Cardiff.
Sjømannskyrkja er ikkje lenger ordinær kyrkje, men er blitt eit kultursenter sentralt på hamna der folk kan kome inn og få seg mat, sjå utstillingar, høyre konsertar, sjå førestellingar og delta på arrangement. Den blir driven av stiftelsen Norwegian Church Cardiff Bay og blir brukt av Den walisisk-norske foreininga.
To veker i Bergen
Thomas Husøy-Ciaccia er frå Vestnes i Romsdal, men har studert og tatt doktorgrad i Wales, i tema antikkens historie. Han bur i Swansea, 45 minutt med tog frå Cardiff. Han har vore to veker i Bergen for å sette seg inn i den norske kulturarven, som kan bli til utstillingar og informasjon i kyrkja i Cardiff. Besøk hos Vestland fylkeskommune stod også på programmet.
Fleire norske kyrkjer i Wales
– Eg skal samle inn informasjon og historie om kyrkja og andre norske kyrkjer som var i Wales. I 1890 var der tre kyrkjer (Cardiff, Barry Docks, og Newport); Swansea fekk også eiga kyrkje i 1907, og kyrkja bygd i Newport vart flytt til Swansea i 1909. Pastoren i Cardiff var også aktiv i Penarth og Bristol, men dei hadde ikkje eigne kyrkjehus. I dag er det berre to kyrkjehus att, eitt i Swansea og eitt i Cardiff. Eg skal samle inn den historiske informasjonen frå Statsarkivet, Sjøfartsmuseet og Sjømannskyrkja, som har hovudkvarter i Bergen, seier historikaren.
Funne originale teikningar
I arkiva i Bergen har Thomas Husøy-Ciaccia funne fram dei originale teikningane av sjømannskyrkja og korleis den vart planlagt. Han har også funne dei originale kvitteringane frå byggetida og mykje korrespondanse mellom prestane i kyrkja og hovudkvarteret til sjømannskyrkja i Bergen. Mange gjenstandar som høyrde til kyrkja, er og funne fram. Alt dette og mykje meir vil bli til utstillingar i kyrkja.
Historiske utstillingar
– Vi skal lage til to-tre utstillingar i kyrkja kvart år med ulike tema. Mange i Wales, med tilknyting til Noreg, har også gjenstandar som vi håper å få låne til desse utstillingane. I tillegg til historiske gjenstandar, som lysestakar og døypefont med meir på utlån frå dei historiske samlingane til sjømannskyrkja, har vi i eit skjold som ein soldat gav sjømannspresten under den andre verdskrigen. Ein St. Olavs-medalje er også mellom gjenstandane, seier Husøy-Ciaccia.
Brev til og frå sjømannspresten
I arkiva i Bergen har han også funne ein del interessant brev.
– Vi har kome over dei første breva som kom til den første sjømannspresten i Cardiff, Lars Oftedal. Han var der dei to første åra frå 1866 til 1868. Dette var korrespondanse mellom han og hovudstyret til sjømannskyrkje som fortel oss korleis det var å vere sjømannsprest på den tida. Seinare vart han stortingsrepresentant og starta Stavanger Aftenblad.
Multikulturelt samfunn
Thomas Husøy-Ciaccia trivst i jobben.
– Det er godt å kome ut i arbeid etter å ha studert i mange år. Eg brukar mykje av tida på arkiv og museum. Vi har det veldig kjekt i Wales. I den walisisk-norske foreininga er det bortimot 60 medlemmer. Alle som har interesse av Noreg, er velkomne til å vere med. Eg flytta til Wales som student i 2011 og møtte eit stort skandinavisk miljø der. Cardiff er eit multikulturelt samfunn. Det må sjåast i samanheng med at det kom folk frå heile verda til byen. Noreg er ein del av denne multikulturelle arven, seier Husøy-Ciaccia.
Kafé med norsk mat
Jobben hans er å utvikle sjømannskyrkja og kultursenteret vidare.
– Vi skal ha kafé, ha forretningsdrift, ta vare på kulturarven, legge til rette for utdanning og ha ei sterk kopling mellom Noreg og Wales. Den første utstillinga håpar vi å få ferdig til 17. mai-feiringa, seier han.
Brunost og kjøttkaker, men ikkje lutefisk
Kaféen er ein viktig del av drifta av kyrkja.
– Den er open kvar dag, onsdag til søndag. Vi held på med å få ein mest mogeleg norsk meny. Den inneheld vaflar, brunost, kjøttkaker, lapskaus og andre norske rettar. Vi er ikkje heilt komne til smalahove og lutefisk enno, men det kan kome. Det er ikkje mange stader i Wales vi kan få norsk mat, men det er eit dansk bakeri i Cardiff som lagar svært godt brød , seier Thomas Husøy-Ciaccia. Han ønskjer at det gode vennskapet med Vestland skal halde fram.