Feira langvarig vennskap med Wales
– Sjømannskyrkja symboliserer eit langvarig vennskap mellom Noreg og Wales, sa fylkesordførar Jon Askeland då han feira 17. mai i Cardiff. Den norske kyrkja på hamna stod sentralt i feiringa der mange med norske aner og elevar frå Vestland deltok i feiringa.

Den 150 år gamle norske sjømannskyrkja i Cardiff vart 17. mai overlevert frå Cardiff council med Lord Mayor, Rod McKerlich i spissen til ei stifting som skal drive den vidare som kyrkje og kulturelt senter.

Gåver frå 1800-talet
Fylkesordførar Jon Askeland hadde med seg fleire gåver, mellom anna den originale døypefonten frå 1800-tallet, den døypefonten som den norsk-britiske forfattaren Roald Dahl i 1916 vart døypt i. Den har stått lagra hos Sjømannsmisjonen i Bergen i 50 år. Vidare vart lysestakar, blomstervasar og bibel frå den originale kyrkja i Cardiff overlevert tilbake.
– Døypefonten er no komen tilbake. Det var veldig begeistring for dette, seier Askeland.

Enormt viktig
I tillegg overleverte fylkesordføraren ein plakett som det synlege teiknet på det lange vennskapet mellom Cardiff og Vestland.
– Kyrkja var enormt viktig for våre sjømenn, og også for våre soldatar og pilotar som stasjonert i Wales under den andre verdskrigen. Plaketten utrykker våre beste ønskje og støtte til den norske kyrkja og vårt vennskap med Cardiff, sa Jon Askeland.

Elevar frå Vestland
Cardiff har i mange år vore vennskapsregion med Vestland. Og i mange år har elevar frå Hordaland og Vestland gått det andre året på vidaregåande skule i Cardiff. Elevane som går der dette skuleåret deltok i feiringa, saman med rundt 100 frå den norsk-walisiske vennskapsforeningen.
17. maitoget gjekk frå parlamentet til kyrkja med eit brassband i spissen.
– Det var heilt spesielt å synge Ja, vi elsker og å rope tre gonger tre hurra i utlandet, seier fylkesordføraren. I talen i kyrkja kom spesielt inn på samarbeidet Vestland har med elevar som gå på skule der.

Bringer kultur med seg
– I dag er kontakten mellom unge i Vestland og Cardiff unik. Vi er svært takknemlege for at Cardiff tar imot nye klassar med unge frå vestkysten av Noreg kvart år. Vi er stolte over elevutvekslinga og året dei gjennomfører i Cardiff. Dei bringer kulturen med seg tilbake til Noreg og det er mykje frå Noreg dei kan dele med sine nye venner i Wales, sa fylksordførar Jon Askeland.

