Mazars sikra seg toppetasjen - no er kontorlokala i Vestlandshuset fullt

Som siste leigetakar har det internasjonale revisjonsselskapet Mazars sikra seg 11. etasje i tårn nord i Vestlandshuset, noko dei er svært glade for.

Tre menn står foran stort vindauge med fin utsikt over Bergen.
SIKRA UTSIKTA: – Utsikta er like fin uansett kva veg du ser, seier Sivert Smedsvig, Svein Egil Rydland, og Torkjell Solbø i Mazars. Til hausen får dei arbeidsplass i Vestlandshuset. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune

Det er tre muntre karar som møter oss i resepsjonen; Sivert Smedsvig og Svein Egil Rydland, partnar revisjon, og Torkjell Solbø, partnar advokat i Mazars. Det er ikkje rart, dei har nettopp signert kontrakt på eit av byens alle beste kontorlokale, toppetasjen i tårn nord i Vestlandshuset.  

Kasta alternativa

Prosessen med å finne det perfekte kontorbygg til revisorane har vart lenge. Dei snusa eigentleg på tre andre bygg då dei kom i kontakt med Kyte eigedomsmekling, som presenterte Vestlandshuset, og nemnde at toppetasjen var ledig.

– Då var vi raske med å slå frå oss dei andre alternativa, ler Sivert Smedsvig.

– Det har vore kjapt og proft via Kyte og dykk i fylkeskommunen, som har vore utruleg gode på å følgje opp. Vi sit igjen med eit inntrykk av at dette er proft, og at de veit kva de driv med, seier han vidare.

– Slutt på matpakke!

Dei fell for at bygget er midt i eit kollektivknutepunkt i Bergen sentrum, som det er lett å komme til uansett kvar du kjem frå.

Og så sykkelparkeringa då, der du kan sykle rett inn og sette sykkelen trygt frå deg blant 250 plassar, gjorde inntrykk.

– Det er den flottaste sykkelgarasjen vi har sett, seier Torkjell Solbø.

Mazars har 26 tilsette i Bergen, og alle har allereie vore på besøk for å kikke på den nye arbeidsplassen sin. Det likte veldig godt det dei såg. Det at det er eit signalbygg, har stor kantine frå Søtt + Salt og godt treningsrom, gjer at dei gler seg ekstra til innflytting i oktober.  

– Då blir det noko anna enn matpakke framover, seier dei.

– Og sjå det lyset og dei store vindauga. Utsikten mot både Ulriken, Løvstakken og sentrum. Her kan vi innreie med gode stolar, planlegg dei.  

Tre menn kikker på tredemøller.
VIL TRENE: Då dei såg treningsrommet var fleire av revisorane selde. Her kikkar dei på tipp-topp tredemøller og anna treningsutstyr som kanskje vil gjere medlemskap på treningssenter overflødig? Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Byter ut 90-talslokale og eigne kontor med landskap

– Vi held i dag til i eit 90-tals-lokale i C. Sundt gate, så det er klart at for oss er dette eit veldig løft. Vi har òg vakse ut av lokala våre og var på jakt etter noko anna, seier Smedsvig.

Dei tilsette i Mazars Bergen skal gå frå eigne kontor til å stort sett sitte i landskap. Ein interiørarkitekt skal hjelpe dei å få same stil på kontorlandskapet som Mazars i Oslo.

Mazars er siste leigetakar som no har sikra seg plass i kontordelen av signalbygget i Lars Hilles gate 22. Frå før har Harris advokatfirma, Handelsbanken, Sikt og Experis fått plass i Vestlandshuset, saman med dei om lag 800 tilsette i Vestland fylkeskommune,  administrasjonen i Skyss og Bybanen Utbygging.

For Mazars var det ein bonus at særleg Harris og Handelsbanken også kjem her, for dei samarbeidar litt allereie.

Tidelage var vi faktisk i same bygg som Dalheim & Rasmussen, som no er ein del av Harris, seier Smedsvig. 

Fransk revisjon i over 100 land

Mazars er eit fransk revisjonsfirma frå 1945 og har 50 000 tilsette i over 100 land. I Noreg har dei 80 tilsette, 26 i Bergen og resten i Oslo. Gjengen i Bergen består av to advokatar og 24 revisorar. Faktisk er dei ikkje Mazars heilt endå, det offisielle namnebytet skjer ikkje før til sommaren, når det som i dag er Olstad Revisjon AS fusjonerer med avdelinga Mazars har i Oslo. Smedsvig fortel at dei er det 7. største konsulenthuset i sin bransje i Noreg.

– Vi skal vekse og rekruttere. Å ha dette huset som arbeidsplass blir eit stort selling point. Ein hos oss sa før vi signerte at «viss vi får Vestlandshuset, kjem eg til å bli stolt av arbeidsplassen!», fortel han. 

Mazars har store kundar i utlandet. Her på Vestlandet har dei om lag 800 kunder i dei fleste bransjer, og er ekstra tunge innan kulturlivet, eigedom, bygg- og anlegg, fiske, stiftingar, industri,  konsulentverksemd og detaljhandel.