Fantastisk å gå på skule i utlandet

– Det var heilt fantastisk. Eg har fått ei oppleving for livet, seier Nora Austgulen Mowinckel. Ho går vg3 på Amalie Skram vidaregåande skule, men vg2 tok ho utanlands, på ein skule som fylkeskommunen samarbeider med.

To personar ved sidan av kvarandre.
FRIST 1. MARS: – Eg likte meg så godt at eg ville gå neste skuleår der også, seier Nora Austgulen Mowinckel. Lisbeth Sjursen er kontaktlærar for dei norske elevane i Cardiff. Foto: Bjarte Brask Eriksen

Onsdag 1. mars går fristen for å søkje vidaregåande opplæring ut. Dei som skal gå vg2, kan ta heile skuleåret i utlandet. USA og Wales er dei to mest populære landa å reise til for elevar frå Vestland. Nora Austgulen Mowinckel valde den walisiske hovudstaden.

– Eg kjende ingen i Cardiff då eg reiste, men eg fekk fort mange venner og vart godt kjent med vertsfamilien. Eg har aldri kost med så mykje, som det året der borte. Vi får mykje erfaring, lærer ny kultur og blir veldig flink i engelsk språk. Det gjekk kjempefint. Eg vil på det sterkaste tilrå å ta eit år i utlandet, seier Nora, som går på studiespesialisering med realfag.

Jenter framfor statue av drage og borg.
Fem av elevane frå Vestland i Cardiff skuleåret 2021-22 framfor Cardiff Castle. Nora Austgulen Mowinckel er heilt til høgre. Foto: Privat

Åtte elevar

På grunn av Brexit har Vestland fylkeskommune avtale med den private skulen Cardiff and Vale college. Dei to siste åra har åtte elevar frå Vestland gått vg2 der. Åtte nye elevar vil få tilbod komande skuleår. Nora er svært nøgd med både skulen og lærarane.

– Lærarane er gode og har høg kompetanse. Vi tilhøyrer ingen klasse. Undervisinga er meir som på universitet der vi går på førelesingar, alt etter fag og tema vi har. Vi har heller ingen fysiske bøker, men powerpointar. Eg går realfag, og det var litt uvant med undervising på powerpoint. Men vi gjennomførte også forsøk i realfag i laboratorium.

Lærte å skrive CV

Eit anna tema dei fekk undervising i, var å lære å skrive CV og søknad, og sette opp budsjett og styre privatøkonomien. Flinke elevar kunne ta ekstra fag i mindre forskingsprosjekt kalla «scholarprogram».

– Eg skreiv om konsekvensane av antibiotikaresistens. Ei venninne skreiv om miljø, seier Nora.

All undervising er på engelsk, men elevane skal og ha norskundervising. Det skjer via nettet frå Knarvik vidaregåande skule, i tillegg til at ein norsklærar reiser til Cardiff for intensivundervising der. På skulen har dei kontaktlærar som også arrangerer sosiale arrangement, som gratis skuleturar rundt i England og Wales. Dei har mellom anna vore i London og Bath.

Gratis leksehjelp

Nora fortel at skulen også har eit veldig godt støttesystem.

– Vi får gratis leksehjelp av lærarar, og dei som slit psykisk har alltid nokon å snakke med.

Skuleåret i Cardiff starta 6. september. Om lag ei veke før reiste Nora frå Bergen

– Eg fekk ei veke i starten til å bli kjent med byen, bussrutene og vertsfamilien. Eg fekk god kontakt med vertsfamilien. Vi reiste mykje rundt i England og Wales. Dei sa at eg var som ei dotter i huset, og dei hadde veldig fin avslutning for meg. I ettertid har eg hatt mykje kontakt med dei. Eg ringer dei kvar veke, og eg har også vore tilbake på besøk.

Dei norske elevane har også kontakt med det skandinaviske miljøet rundt den norske sjømannskyrkja der.

– Vi vart invitert til forskjellige arrangement der, som juleverkstad og luciafeiring. Vi var også med på bilturar rundt i Cardiff og fekk orientering om forfattaren Roald Dahl. 17. mai feira vi med tog og musikkorps til sjømannskyrkja. Mange hadde bunad, og vi vifta med norske flagg. Vi song nasjonalsongen og andre 17. mai-songar. Etterpå var vi på arrangement i kyrkja der fylkesordføraren og Lord Mayor talte.

Pinnekjøtt og trollkrem i juni

  1. juni vart skuleåret i Cardiff avslutta med avskjedsmiddag.

– Den var i restauranten på skulen. Vi fekk norsk mat, som pinnekjøtt, laks, raspeballar, rekecoctail og rosa trollkrem til dessert. Lærarane, vennene våre, Lord Mayor, og foreldre frå Noreg deltok. På skulen har vi også ein årleg internasjonal middag der elevar frå mange nasjonar deltek.

Skuleåret i Wales førte til at Nora fekk mange venner der.

– Eg var meir med dei britiske enn dei norske og fekk mange gode venner eg framleis har kontakt med. Dei har også vore på besøk her. Eg har prøvd å lære dei norsk. Det blir litt morosamt. Eg har også lært litt walisisk. Eg likte meg så godt at eg spurde om å få gå vg3 der også, men det var ikkje mogeleg. Eg lengtar bort dit heile tida, seier Nora Austgulen Mowinckel.

Må tørre å spørje om hjelp

Lisbeth Sjursen er avdelingsleiar ved Knarvik vidaregåande skule og er norsk kontaktlærar for elevane.

– Dei to siste åra har vi hatt sju jenter og ein gut i Cardiff. Det er nesten ingen gutar som søker. Vi vil gjerne at fleire gutar går vg2 i utlandet.

Elevar som er interessert, må søke på vigo.no seinast 1. mars. I tillegg til søknad, må dei skrive eit brev på engelsk om motivasjonen for å ta skuleåret i utlandet. I løpet av mars blir aktuelle kandidatar plukka ut. Dei må gjennom ein språktest og eit intervju på engelsk.

– Dei som vil reise utanlands må vere litt på og utadvent. Dei må vere sjølvstendige og tørre å spørje om hjelp. Vi vel ut dei aktuelle ut frå karakterar, motivasjonsbrev, engelskkunnskapar og språktest. Vi tar imot førespurnader frå interesserte elevar som vil reise utanlands. Vi kan også ha videomøte med elev og foreldre om det er ønskeleg. Nora stiller også opp om nokon vil høyre om hennar erfaringar, seier Lisbeth Sjursen.