Ein heilt fantastisk ny skule på Askøy

– Vi har fått ein heilt ny fantastisk skule. Det er lekkert her, seier rektor Oddvar Skråmestø ved den nye Askøy vidaregåande skule. 17. august tok han imot elevane i den nye skulebygningen.

MYKJE FINARE: – Vi har fått ein mykje finare skule enn den gamle, seier Julie Drange (t.v.), June Øvreeide og Ingvild Andreassen på teknologi- og industrifag. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

– Vi har mellom 500 og 600 elevar, men elevtalet vil auke gradvis framover. Eg trur vi vil få ein auke i søkinga med den nye skulen. Vi har fått det så fint her, seier rektor Skråmestø.

Rektor Oddvar Skråmestø tok imot alle elevane på den første skuledagen i den nye kantina. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Rektor Oddvar Skråmestø tok imot alle elevane på den første skuledagen i den nye kantina. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Auka areal og fleire elevar

Den nye skulen ligg på Myrane, rett nord for Kleppestø, vegg-i-vegg med den gamle skulen, som skal rehabiliterast og bli ein del av den nye. Det arbeidet skal vere ferdig til skulestart om eitt år. Då vil det samla skulearealet auke frå om lag 10 000 til 18 500 kvadratmeter, og elevtalet kan auke med rundt 400 til 970, som er maksimal kapasitet.

Tre av elevane som hadde første skuledagen i den nye skulen, var Julie Drange, June Øvreeide og Ingvild Andreassen. Dei går på vg1 teknologi- og industrifag (TIF), ei linje som er blitt populær blant jentene.

– Det er blitt ein mykje finare skule enn den gamle. Her er det meir luft, og vi har store plassar å jobbe på, seier dei tre elevane.

– Teknologi- og industrifag er spennande, og vi likar å skru, seier Julie Drange (t.v.), June Øvreeide og Ingvild Andreassen med ein flunkande ny fresemaskin. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Likar å skru

Teknologi- og industrifag var eit klart førsteval for jentene.

– Eg søkte TIF fordi det er spennande. Eg likar å skru og har sykkel som eg må skru på, seier Julie Drange.

– Eg likar å skru og gjere praktisk arbeid, seier June Øvreeide.

– Eg likar også å skru. Eg har mellom anna bygd ein terrasse, seier Ingvild Andreassen.

Den nye verkstadhallen har fått namnet Jotunheimen, mens hovudbygningen, bak t.v., har fått namnet Midgard. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Den nye verkstadhallen har fått namnet Jotunheimen, mens hovudbygningen, bak t.v., har fått namnet Midgard. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Framtidsplanane klare

Og alle tre har framtidsplanane klare. Etter to år på Askøy vidaregåande skule, skal dei to år ut i lære, og så er det jobb.

– Eg vil bli flymekanikar eller jobbe innan industriell produksjon, seier Julie Drange.

– Eg vil jobbe innan oljebransjen, seier June Øvreeide.

– Eg vil jobbe i prosessindustrien i Nordsjøen, seier Ingvild Andreassen.

Dette er bilverkstaden i den nye verkstadhallen. Kontaktlærar på teknologi- og industrifag, Knut Skyberg, orienterer dei nye elevane på vg1. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Dette er bilverkstaden i den nye verkstadhallen. Kontaktlærar på teknologi- og industrifag, Knut Skyberg, orienterer dei nye elevane på vg1. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Ein draum

Knut Skyberg er kontaktlærar på teknologifag- og industrifag

– Den nye skulen er ein draum. Alt er nytt. Vi har gode haller, garderobar og fasilitetar. Det er lyse og trivelege lokale. Vi gler oss til å komme i gang. Vi er opptatt av å ha eit godt miljø for elevar og lærarar. Vi ser at fleire og fleire jenter søker faget. No har vi ni jenter her. Dei er svært ettertrakta på arbeidsmarknaden og får lett læreplass. Alle på TIF hos oss, som vil, får læreplass, seier Skyberg.

bilde av noe
¬– Vi har fått ein fantastisk flott skule, seier Axel Hansen og Åse Stensland, to av avdelingslærarane på den nye skulen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Fine fargar og avstemte møblar

Axel Hansen og Åse Stensland er to av avdelingslærarane på den nye skulen.

– Det er blitt ein fantastisk flott skule. Vi har fått fine fargar på veggane som er avstemt med fargane på møblane. Der vi har blå veggar, er møblane blå, og der vi har grøne veggar, er møblane grøne. Alt er blitt så fint. Det meste er ferdig, men det gjenstår ein del småting som må på plass, seier avdelingslærarane.

Drift av kantina er ikkje på plass.

– Vi har fått den flottaste og mest moderne kantine og kjøkken, men ingen vil drive den. Det er lyst ut på anbod, og vi har håp om å få den i drift i løpet av hausten. Vi ser fram til varm mat og pasta. Vi har ikkje hatt kantine på to år, seier Axel Hansen og Åse Stensland.

– Vi er ein inkluderande skule, seier assisterande rektor Berit Karin Øydvin Nilssen ved inngangen til klasserommet oppkalla etter Kim Friele. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
– Vi er ein inkluderande skule, seier assisterande rektor Berit Karin Øydvin Nilssen ved inngangen til klasserommet oppkalla etter Kim Friele. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Namn og ikkje nummer

Alle bygningar, møterom, verkstader og klasserom har fått eigne namn. Mellom anna heiter eitt av klasseromma «Kim Friele». Assisterande rektor Berit Karin Øydvin Nilssen seier det er viktig for skulen at elevane skal vite kven ho var og kva betydning ho hadde.

– Den nye skulen er bygd for å vere open og tilgjengeleg. Vi vil vere ein inkluderande skule og bygge på tillit. Det blir spennande når elevane kjem, og vi ser korleis dei tar skulen i bruk og finn fram til Kim Frieles klasserom

Uteområdet vede skulen har fått namnet Yggdrasil frå norrøn mytologi. Det var eit asketre, og fleire tre er planta på området som også har ein basketballbane. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Norrøn mytologi og kjende personar

Assisterande rektor er svært nøgd med den nye skulen.

– Vi har sett fram til dette. Dette gir nye muligheter. Vi får felles areal og felles sosiale soner. Det som foregår mellom faga er også viktig, som kontakten og vennskapet mellom elevane, seier assisterande rektor Berit Karin Øydvin Nilssen.

Den nye hovudbygningen, som ligg mellom gamleskulen og verkstadhallen, har fått namnet Midgard. Norrøne namn er brukt. Verkstadføyen er blitt til Jotunheimen, kantina til Eldrime, og den gamleskulen er Breidablikk, huset til Balder. Det store treet i norrøn mytologi, Yggdrasil, er namnet på uteområdet. Treet var ein ask, og det er planta tre i dette uteområdet.

Andre namn som er brukt på klasserom er kjente personar som Charles Darwin, Stein Rokkan, Nicolaus Copernicus, Christian Michelsen og Isaac Newton. Møteromma har fått namn etter fjell på Askøy, som Dronningen og Kolbeinsvarden.

– Den nye kultursalen er under bygging og skal opne 20. januar. Den er eit godt samarbeid med Askøy kommune, seier rektor Oddvar Skråmestø. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
– Den nye kultursalen er under bygging og skal opne 20. januar. Den er eit godt samarbeid med Askøy kommune, seier rektor Oddvar Skråmestø. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Midtpunktet på Askøy

I dei seks åra Oddvar Skråmestø har vore rektor, har han jobba for den nye skulen.

– Eg har vore med heilt frå starten. No har vi fått det heilt fantastisk fint. Vi ser fram til at den gamle skulen skal bli rehabilitert. Om eitt år får vi ein heilt komplett skule. Når vi fyller skulen med elevar, blir det ein heilt annan bygning.

Den nye skulen blir eit midtpunkt på Askøy. Ikkje berre ny skule, men også ein kultursal og idrettshall blir ein del av det nye tilbodet.

Dette rommet er rektor Oddvar Skråmestø spesielt stolt av. Det er ein flygelgarasje som skal hyse eit Steinway-flygel til 1,5 millionar kroner. – Vi må ha stabil temperatur og fukt, seier rektor. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Veldig godt samarbeid

– Vi har eit veldig godt samarbeid med Askøy kommune om dette. Dei betalar 23 millionar kroner som sin del til kultursalen og skal bygge idrettshall på tomta der vi hadde den gamle verkstadbygningen. Kulturdelen står ferdig til 20. januar neste år, mens idrettshallen blir ferdig i 2026.

Den gamle verkstadhallen (i framgrunnen) skal rivast, og det skal byggast ein idrettshall på tomta. Den gamle skulen i bakgrunnen skal renoverast og takast i bruk som ein del av den nye skulen om eitt år. Helse- og oppvekstfag, tilrettelagt opplæring og vaksenopplæring skal halde til her. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Rektor er svært nøgd med plasseringa.

– Idrettshallen og skulen blir nære naboar. Vi skal bli leigetakar der når den er ferdig. Eg drøymer om at vi då skal få idrettslinje. Idrettshallen skal få to symjebasseng, to handballbaner og klatrevegg. Kantina vår kan drive vekselarbeid mellom skulen, kulturdelen og idrettshallen. Vi er ein av Askøy kommune sine beste venner, seier rektor Oddvar Skråmestø.

Line Sæverud Hvoslef har laga kunst til den nye skulen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Line Sæverud Hvoslef har laga kunst til den nye skulen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Fem utdanningsprogram

Den nye skulen har fem utdanningsprogram: Bygg og anlegg, elektrofag, helse og oppvekst, teknologi- og industrifag, og studiespesialisering. I tillegg har skulen tilbod for tilrettelagt opplæring, ein internasjonal klasse (vg2) i elektrofag i Tyskland, og ein klasse på studiespesialisering (vg2) i Tyskland.