60 strekningar fylkesveg får nytt dekke

Asfalteringslista for Vestland i 2023 er klar, med eit styrka budsjett. Samstundes blir det jobba langsiktig for å stogge det store vedlikehaldsetterslepet.

Nærbilde av svart asfalt på våt veg, eit køyrefelt, smal vestlandsveg med granskog på venstre side. Vegdekket er sprukke opp på midten og i dårleg stand. Det er synlege djupe hjulspor i asfalten på begge sider.
DÅRLEG DEKKE: Det er mykje dårleg asfalt på dei 5600 kilometrane med fylkesveg i Vestland, no får dei med størst behov i 2023 nytt dekke. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Kontraktane for dekkelegging i 2023 vart lyste ut 27. februar. Dei er delt inn i tre område: Vestland nord, Bergen og kommunane rundt og Voss, Hardanger og Sunnhordland.

Ekstra innsats

Vestland vil bruke 132 millionar kroner på dekkelegging av fylkesveg i 2023, inkludert ei ekstraløyving på 33 millionar kroner. Vedlikehaldsetterslepet på vegdekke er stort, vi har størst del dårleg dekke på fylkesveg i landet.

– No får dei strekningane som har kritisk og størst behov for dekkelegging nytt dekke i 2023, seier Jannicke Bergesen Clarke, leiar i hovudutval for samferdsle.

– Det er tøft å prioritere då behovet er så stort, men med ekstra innsats og langsiktig arbeid jobbar vi for å stogge etterslepet.

Fylkestinget styrka innsatsen på vedlikehald av fylkesvegnettet med ei ekstraløyving på 500 millionar kroner fram mot 2026 i desember 2022, og ein del av dette går til dekkelegging i år.

Langsiktig kvalitetsheving

Fylkeskommunen vil også sjå på forsterking og utbetring av vegfundamentet før dekkelegging for å få lenger levetid på dekket. Fleire strekningar blir forsterka og utbetra før dekkelegging i 2023.

Dette gjev moglegheit for meir strategisk arbeid og å få meir for pengane. Dårleg bæreevne og drenering er det som øydelegg mest vegdekke, og behovet blir også større med klimaendringane.

Tilbodsfristen på dekkeleggingskontraktane er 30. mars 2023.