Statsråden besøkte populær fagskule
Dekks- og maskinoffiserar under utdanning fekk denne veka besøk av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Måløy-avdelinga til Fagskulen i Vestland er ein populær studiestad for fagarbeidarar som vil bli dekksoffiserar og maskinoffiserar, og skulen vil gjerne utdanne endå fleire.
Høgare, yrkesfagleg utdanning
Utdanningsleiar i Måløy, Lars Berle fortel at Borten Moe snakka med både studentar, lærarar og skuleleiinga då han var i Måløy. Han er ikkje i tvil om at slike besøk er viktige for skulen.
– Vi får direkte kontakt med statsråden, og kan fortelje korleis vi arbeider. Samstundes skaper det blest. Folk les om det i lokalavisa og ser oss. Det er ein fin sjanse for oss til å forklare kva vi driv med. Eg får ofte spørsmål om ikkje Fagskulen er vidaregåande, og det har eg prøvd å forklare i 20 år at vi ikkje er, seier han.

Fagskulane tilbyr høgare, yrkesfagleg utdanning. Både fagbrev, relevant praksis og generell studiekompetanse er vegar inn, i motsetnad til på høgskulane, der kravet er studiekompetanse. Berle fortel at ein typisk fagskulestudent i Måløy er ein som er ferdig med læretida og er rundt 20 år, men at alderen på studentane varierer frå 20 til over 40 år.
Vil utdanne fleire maskinistar
For å kome inn på utdanninga til dekksoffiser treng du fagbrev som matros eller fiskar, eventuelt relevant praksis over fleire år. For å ta fagskuleutdanninga som maskinoffiser må du ha fagbrev som motormann eller relevant fartstid. Utdanningsleiaren ønskjer å også kunne ta inn motormekanikarar/industrimekanikarar.
– Det er eit landbasert fagbrev, men vi har mykje skipsindustri i området, og mange motormekanikarar som jobbar der. Dei er lette å vidareutdanne til maskinistar, og vi håpar å få lyst ut utdanningstilbodet mot dei òg, seier han.
Næringslivet har stor mangel på maskinistar, og studentane går rett ut i arbeid etter studiane.
– Vi ønskjer oss også fleire plassar på vg2 maritime fag på vidaregåande. Etter å ha teke fagbrev kan desse gå vidare til fagskulen og ta maskinistutdanninga hjå oss, seier Berle.
Filmen er laga av Broadstone for Fagskulen i Vestland, avdeling Måløy.
Sprengd kapasitet og godt rykte
Eit anna utdanningstilbod Berle håpar skal vere på plass i Måløy frå hausten 2023 er leiing innan havbruk på 60 studiepoeng. Her skal det utdannast personell på leiingsnivå til sjøbasert servicenæring. Men då må skulen finne utleigelokale, i og med at kapasiteten på skulen i dag er sprengd, både når det gjeld tilgang på lokale og størrelsen på klasserom.
– Vi har mange studentar, og svært høg gjennomføringsgrad. Vi er ein liten skule og må spele på fordelane det gjev. Vi har tett kontakt mellom student og lærar, og greier gjerne å hente inn att dei som lurer på å slutte. Skulen har eit godt rykte, og slik må det vere. Vi kan ikkje konkurrere mot Bergen og Ålesund når det gjeld tilbod på fritida, avsluttar Berle.

Fagskulen i Måløy er samlokalisert med Måløy vidaregåande skule, men den vidaregåande skulen treng meir plass. Fylkestinget vedtok difor tidlegare i haust at det skal byggjast eit nybygg til Fagskulen like ved dagens lokale.
Vere eller ikkje-vere
Borten Moe fekk prøve to av simulatorane skulen brukar i undervisninga då han var på besøk i Måløy. Den eine er utforma lik brua på ei av gassferjene til Fjord1 med 360 graders visning. Den andre, som ligg rett under brusimulatoren, er ein maskinromssimulator i same størrelse som på ein båt. Her er kontrollrom og ulike maskinrom.
Simulatorane kan illustrere ulike typar skip. I tillegg kan dei køyrast samtidig slik at studentane må kommunisere og samarbeide mellom bru og maskin.
– Slike fasilitetar er vere eller ikkje-vere når det gjeld å drive undervisning. Vi driv etter internasjonale reglar og skal ha simulatorar for å gjennomføre undervisning og ulike øvingar. Dei som skal bli styrmann brukar simulatoren 1,5 dag i veka, medan det er litt under ein dag for maskinistane, avsluttar Berle