Inviterer til digitalt informasjonsmøte om yrkesfag

Søknadsfristen til vidaregåande opplæring nærmar seg. På menyen står blant anna ti yrkesfaglege utdanningsprogram og i enden av dei ei rekke både yrkes- og karrieremoglegheiter. Det er tema på det digitale informasjonsmøtet 17. februar.

foto av elevar i yrkesfagverkstad
YRKESFAG: Kva moglegheiter opnar seg om du startar den vidaregåande opplæringa di i eit yrkesfagleg utdanningsprogram? Det er noko av det du får vite meir om på informasjonsmøtet 17. februar. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Tiandeklassingar, føresette og rådgjevarar i ungdomsskulen er målgrupper for møtet, som varer ein time og blir sendt direkte på nett. Det blir innlegg ved tidlegare elevar som har valt yrkesfag, representantar frå arbeidslivet og politisk leiing i Vestland fylkeskommune.

Tema for møtet er

  • kva er yrkesfag?
  • kva moglegheiter har du ved å velje yrkesfag?
  • kvifor kan det vere lurt å velje yrkesfag?

Ekstra søkjelys

Informasjonsmøtet er eit resultat av samarbeid mellom opplæringskontora og Vestland fylkeskommune, det og er del av ei sterkare satsing på yrkesfag.

– Framskrivingar syner at vi i 2035 vil mangle 90 000 fagarbeidarar. Dei må utdannast no, og det er difor vi ønskjer å setje eit ekstra søkjelys på yrkesfaga, og syne kva moglegheiter som finst her, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.