Inntak til vidaregåande skule 2022: Dei fleste får førstevalet sitt

Førsteinntaket til vidaregåande skule 2022/2023 i Vestland er klart. Nesten 22 000 søkarar i fylket får no svar på søknaden sin om skuleplass til hausten. Omtrent 80 prosent av søkarane får førstevalet sitt.

fire elevar i kjemitime
NØGDE ELEVAR: Nesten 8 av 10 får gå på den utdanninga dei helst ønskte seg. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Over 19 400 søkarar med ungdomsrett (ungdom mellom 15 og 24 år) har fått plass på vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Av desse får litt over 16 300 tilbod om førsteønsket sitt for både programområde og skule. Dette inneber at fleirtalet av dei unge, også i år, får det opplæringstilbodet dei ønsker seg allereie i førsteinntaket.

Yrkesfag er framleis populært 

Det er over 300 fleire søkarar til vg1 yrkesfag i år samanlikna med i fjor. Om lag 9400 søkarar med ungdomsrett har søkt yrkesfaglege utdanningsprogram. Av desse har nesten 8800 fått tilbod om skuleplass i førsteinntaket. På vg1 er det utdanningsprogram for teknologi og industrifag som har lengst venteliste. 

Påbygg til generell studiekompetanse 

Mange av søkarane til påbygg står framleis utan tilbod. Desse søkarane fordeler seg i to grupper. Den eine gruppa er søkarar som har fullført fag- og sveinebrev og som ønsker å få studiekompetanse. Her står omlag 180 utan tilbod.  Den andre gruppa er søkarar som har fullført vg2 yrkesfag og ønsker å gå vidare på påbygg i staden for å gå ut i lære. I denne gruppa er det omlag 160 som manglar plass. 

Andre studieførebuande utdanningsprogram 

Litt over 11 000 søkarar med ungdomsrett har søkt studieførebuande utdanningsprogram. Av desse får 10 700 tilbod om plass. 

Ledige skuleplassar  

I Vestland er det framleis over 1550 ledige skuleplassar. Desse plassane samsvarar ikkje med ønska til dei som per no ikkje har fått tilbod om plass. Søkarar som har ungdomsrett og som ikkje har fått tilbod om skuleplass, vil få tilbod i dei seinare inntaka, eller etter at skulane tek over inntaket. Søkarar som ikkje har ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket i august. Etter førsteinntaket er det om lag 960 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. 

Sjekk og svar på vigo.no  

Dei som har søkt skuleplass kan logge seg inn på nettsida vigo.no og sjå om dei har fått skuleplass frå 8. juli. Svarfristen er 16. juli. Det er særs viktig å svare innan fristen. Dei som ikkje svarar, mister plassen dei har fått og blir tekne ut av ventelistene. 

Tidsplan for inntaket til vidaregåande skule i Vestland:  

  • 8. juli: tilbod blir gitt på vigo.no om første inntak  
  • 16. juli: svarfrist for første inntak  
  • 22. juli: melding om andre inntak  
  • 29. juli: svarfrist for andre inntak  
  • 9. august: tredje inntak. Du svarar ja til tilbodet ved å møte på skulen første skuledag.    

Poenggrenser 

Oversikt over poenggrenser for kvar einskild skule og utdanningsprogram finn du her.