Desse skal konkurrere i skule-NM i yrkesfag

Det var fylkesmeisterskap i yrkesfag ved ei rekke skular i fylket i februar. No er alle vinnarane klare, og her får du oversikta over kven som skal konkurrere i kva fag under skule-NM i april.

foto av tre jenter som vann fylkesmeisterskapen i helsearbeidarfaget i 2022
TIL NM: Marit Rønnekleiv og Sunniva Kiviranta representerer Måløy vidaregåande skule og Vestland fylkeskommune i skule-NM i helsearbeidarfaget i Mandal i april. Under fylkesmeisterskapen i Sogndal i februar hadde dei med seg Emma Kristin Berge (i midten) i rolla som pasient. (Foto: Ingunn Djønne/Vestland fylkeskommune)

Det er WorldSkills Norway som arrangerer skule-NM. Konkurransane går føre seg på tretten skular i fem ulike fylke. Ein konkurranse går føre seg i Vestland. Det er skule-NM i smedfaget, som blir arrangert ved Odda vgs. 5. og 6. april.

Ei fullstendig oversikt over stad og tidspunkt for alle konkurransane finn du på nettsida til WorldSkills Norway.

Desse representerer Vestland i skule-NM

Helse- og oppvekstfag            

Helsearbeidarfaget, lagkonkurranse: Sunniva Kiviranta og Marit Rønnekleiv, Måløy vgs.

Ambulansefaget, lagkonkurranse: Hilde Aasen, Frida Øvrevik Farestad og Marie Helen Wang Paulsen, Os vgs.

Barne- og ungdomsarbeiderfaget, lagkonkurranse: Helene Andersen Dale og Viktoria Ortega Syslak, Knarvik vgs.

Teknologi- og industrifag              

Manuell maskinering (kvart fylke får delta med to individuelle deltakarar i NM grunna få deltakarar): Sander Hjertenes Refvik, Flora vgs. og Eirik Daae Børnes, Knarvik vgs.

Sveisefaget: Thea Marie Frotjold, Knarvik vgs.                     

Bilfaget, lette køyretøy: Lisa Aune Liebenberg, Voss vgs.

Anleggsmaskinførarfaget: Jon Brattli Berge, Os vgs.

Mur- og flisleggerfaget: Shafiqullah Ahmadyar, Åsane vgs.

Sal, service og reiseliv

Salsfaget: Emma Thorsen Sanden, Åsane vgs.

Restaurant- og matfag                      

Kokkefaget: Malena Øvre Helland, Voss vgs.           

Bakarfaget: Andrine Hartveit Lia, Sandsli vgs.

Konditorfaget: Ngoc Bao Han Tran, Sandsli vgs.                  

Servitørfaget: Thomas Hovland, Sandsli vgs.

Bygg- og anleggsteknikk        

Tømrarfaget: Markuss Gavars, Åsane vgs.              

Betongfaget: Per Hauge, Sogndal vgs.

Røyrleggarfaget: Jørund Alstad, Åsane vgs.

Elektro og datateknologi     

Elektrikarfaget, lagkonkurranse: Sven Vedeler Gaupholm og Joakim Ullestad, Slåtthaug vgs

Automatiseringsfaget, lagkonkurranse: Jonas Fjæra Almås og Mathias Alvær Kristensen, Stord vgs.     

Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign           

Frisørfaget: Tonje Smørdal Kjøsnes, Eid vgs.