Skal til NM med hyllest til bergensbunaden

– Kaka er ein hyllest til bergensbunaden. Eg kjenner meg heime i Bergen, seier Hanne, konditorelev på Sandsli, som er fylkesmeister i kakebaking og skal representere Vestland i skule-NM i Tønsberg 6. april.

Rektor overleverar premie til kokk. Foto.
TIL TOPPS: Hanne gjekk til topps i fylkesmeisterskapen i konditorifag og skal til NM. Ho får premien av rektor Bengt Håkon Lund ved Sandsli vgs. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sandsli videregående skole har skipa til fylkesmeisterskapen i restaurant- og matfag. Åtte elevar frå Sandsli, Voss og Fitjar vidaregåande skular deltok. Elevane konkurrerte i å lage to rettars middag, med hovudrett og dessert, baking av kaker, boller, brød og rundstykke og festkake til konfirmasjon. Den siste klassen var servering av rettane.

Tre kokkar med medalje rundt halsen. Foto.
Desse skal til NM i skole-NM i Tønsberg 6. april: Andrine Hartveit Lia (f.v.), Hanne og Malena Øvre Helland. I tillegg skal Thomas Hovland delta i NM. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Fire til NM

Fire av elevane gjekk vidare til skule-NM i Tønsberg. I tillegg til Hanne i konditorklassen, skal Malena Øvre Helland, Voss vgs. delta i kokkeklassen, Andrine Hartveit Lia, Sandsli vgs. delta i bakarklassen, og Thomas Hovland, Sandsli vgs i servitørklassen.

Marsipankake pynta med bunadsdekor. Foto.
Med denne kaka i bergensbunad som liknar på ei bergensk kvit dame, men ikkje er det, kvalifiserte Hanne på konditorlinja ved Sandsli vgs. seg til NM i Tønsberg 6. april. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Festkake

Mykje god mat vart servert for dommarane og andre inviterte. I særklasse stod festkaka som Hanne lagde.

– Dette er putlearbeid. Eg har brukt nesten fire timar på oppgåva. Det er mange detaljar som må på plass.

Hanne fekk mykje skryt for kaka av dommarane.

– Ho har gjort ein fantastisk god jobb. Kaka smakar veldig godt. Det er ikkje ein tradisjonell bergensk kvit dame, men den er nydeleg dekorert og har nydeleg smak, seier dommar Bernt Lie-Nielsen.

Kokk som deler opp marsipankake. Foto.
Kontaktlærar Beate Kirkebirkeland skjer opp festkaken som dommarane Bengt Lie-Nielsen og Trine Kaland Hestenes og rektor Bengt Håkon Lund smakar på. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Kvit dame i bergensbunad

Det spesielle med den kvite damen var at den ikkje inneheldt syltetøy, men kokos og sjokolade i staden. Oppå kaka var den dekorert med bergensbunad laga av marsipan.

Lærar Beate Kirkebirkeland skryt av Hanne.

– Ho er utruleg flink. Ho er eit naturtalent og har interesse for faget. Med denne kaka har ho funne ei genial løysing på bergensk kvit dame, seier læraren og serverer oss smaksprøvar. «Fantastisk» og «himmelsk» er ord som kjem mens dei til stades får smake. «Dette må jo vere den beste kaka i verda». Hovudpersonen sjølv tok det med stor ro.

– Planen er at eg skal søke læreplass, gå ut i lære og bli konditor. Eg skal bake den same kaka i NM, seier Hanne.

Kokk som penslar bollane som ligg på brett på bord. Foto.
Andrine Hartveit Lia, Sandsli vgs vart fylkesmeister i bakarfaget og skal til NM. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sandsli er ein god skule

I bakarfaget vart Andrine Hartveit Lia, Sandsli vgs. fylkesmeister og gjekk vidare til NM

– Dette er første gongen eg er med i slik konkurranse. Det er spennande. Eg håpte det gjekk bra. Vi har ein god skule. Eg synest det er bra å vere her, seier Andrine som lagde mange typar brød og bollar som fall i god smak.

I klassen for beste kokk gjekk Malena Øvre Helland, Voss vgs. til topps og vart fylkesmeister.

– Dette var gøy. Eg skal til NM! Det er heilt fantastisk å gå på Voss vgs. Eg angrar ikkje i det heile tatt på at eg valde kokkeyrket, seier Malena.

Kokk som legg maten flott opp på tallerken. Foto.
– Eg skal til NM, seier Malena Øvre Helland ved Voss vgs som vart fylkesmeister i kokkefaget. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Første stopp

I servitørfaget vart Thomas Hovland, Sandsli vgs. fylkesmeister og skal til NM.

– Vi har det veldig gøy her på Sandsli. Eg har lært mykje og vil prøve meg i servitøryrket. Eg tenker eg skal prøve meg litt her og der og sjå kva som skjer. Servitør blir første stopp, så får eg sjå vidare seinare. Det er behov for servitørar, så det skal gå lett å få arbeid. No først er det utplassering før eg skal ut i lære, seier Thomas.

Kristine Nilssen ved Fitjar vgs tok ein sterk 2. plass i kokkefaget.

– Eg har søkt læreplass og skal bli kokk. Eg håpar å komme inn. Det er mangel på kokkar, så eg trur det skal bli lett å få jobb. På Fitjar vidaregåande skule har vi eit lite, men fint miljø. Vi har det kjekt saman, seier Kristine.

Kokk med brett med ferdige bollar og rundstykker på bord framfor seg. Foto.
Tiril Risnes Øyre, stortrivst på Voss vgs og kom på 2. plass i bakarfaget. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Veldig kjekt på Voss

Tiril Risnes Øyre, Voss vgs, tok 2. plass i bakarfaget.

– Eg går eigentleg på kokkelinja, men likar å bake og er med i konkurransen som bakar. Eg stortrivst på Voss vgs. Det er veldig kjekt, vi har greie lærarar og lærer mykje, seier Tiril.

Servitør som serverar mat til to dommarar som sit i kokkekler. Foto.
Agnes Bratlid serverer dommarane Kristine Øvrebø og Frode Jensen, Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Går på bakar – vil bli konditor

Agnes Bratlid er elev på Sandsli på bakarlinja men var servitør utanom konkurranse under meisterskapen.

– Det er fint å gå på skule her. Eg vart spurt om å hjelpe til, så eg er vikar. Sjølv om eg går på bakarlinja, har eg tenkt å bli konditor. Eg har lagt mat frå eg var liten og starta med å pynte kakene heime. Eg håpar det blir lett å få jobb, men trur det blir enklare å bli bakar og få jobb i bakeri. Men eg har lyst å opne eige konditori. Eg tenker på det, seier Agnes.

Dommarar i kokkekler smakar og testar dessert. Foto.
Dommarane i kokke- og servitørfaget smakar på maten: Ajit Ahluwalia (f.v.), Kristine Øvrebø og Frode Jensen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Betre og betre

Dommararane på kokk og servitør, Frode Jensen, Kristine Øvrebø og Ajit Ahluwalia var svært nøgd med det høge nivået på alle elevane.

– Dette er bra nivå. Det blir betre og betre for kvart år. Det fine er at dei brukar forskjellige teknikkar og blandar mange ingrediensar. Dei er godt førebudde, held det reint og pent og held tida dei har til disposisjon. I dag er det eit stort behov for lærlingar. Vi greier ikkje å fylle opp restaurantar, kantinar, hotell med fagutdanna med fagbrev. Alle som vil jobbe i bransjen får jobb på dagen, seier dommarane.

Servitør som fyller vatn i glas til gjestene. Foto.
Thomas Hovland på servitørfaget ved Sandsli vgs. serverer rektor Bengt Håkon Lund og avdelingsleiar Anne Helene Øpstebø. Han vart fylkesmeister og skal til NM. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Ein av dei største i landet

Anne Helene Øpstebø er avdelingsleiar på restaurant- og matfag ved Sandsli vgs.

– Vi er ein av dei største skulane i landet på restaurant og matfag med 150 elevar på vg1 og vg2, tilrettelagt opplæring og vaksenopplæring. Vi er heilt i toppsjiktet og legg vekt på kvalitet. I desse dagar står bedriftene med opne armar. Det er ikkje problem å få læreplass. Vi gler oss over at bransjen opnar og at det normaliserer seg igjen. Dei aller fleste vil gle seg over å kunne gå ut og nyte mat, seier Anne Helene Øpstebø.