Bømlabrua får løyving til naudsynt vedlikehald
Berekablane til Bømlabrua rustar, og den er blant bruene i Vestland som treng omfattande og kostbart vedlikehald. No løyver fylkestinget 85 millionar kroner til snarlege tiltak.

Fylkestinget handsama saka "Fv. 542 Bømlabrua - løyving til nyttinvesteringsprosjekt" i møte 16. mars 2022.
Kritiske skader
Forfallet på bruer i Vestland er stort og bekymringsfullt. På Bømlabrua har ein spesialinspeksjon vist at dei store berekablane av stål er i ferd med å få kritiske skadar grunna fukt, skadar som går ut over bereevna til brua om dei får utvikle seg. No er det løyvd midlar til eit naudsynt avfuktingsanlegg for stålkablane.
– Vi er glade for å kunne sette i gang snarlege tiltak for Bømlabrua, her er behovet for vedlikehald heilt akutt, seier fylkesordførar Jon Askeland.
– Men det er svært mange av dei 2071 bruene i fylket som treng vedlikehald. Dette skal vi sjå på når vi handsamar det økonomiske handlingsprogrammet til Regional transportplan i juni.
Fylkeskommunen har registrert 778 trafikkerte bruer på fylkesvegnettet med stor eller svært stor skade, 87 bruer med tilsvarande bereevneskader, og 444 bruer med stort eller svært stort behov for vedlikehald for å hindre bereevneskade. Dette er skildra i kunnskapsgrunnlaga til Regional transportplan 2022-2033 for Vestland.

SÆRLEG UTSETT: Stålbruer i kystnære strøk er særleg utsett for fuktskader, og Bømlabrua treng ny overflatebehandling og vedlikehald. Foto: Vestland fylkeskommune.
Avfuktingsanlegg kjem på plass
Bømlabrua var ferdigbygd i 2001, og har mangla avfuktingsanlegg for berekablar. No er konsekvensane auka vedlikehaldskostnadar og eventuell stenging av brua dersom ikkje tiltak blir iverksett. Stålbruer i kystnære strøk er særleg utsette for skadar grunnar fukt og sjøvatn, og alle bruer med berekablar av stål som er bygd etter dette har slike avfuktingsanlegg.
Med løyvinga gjort i fylkestinget 16. mars kan fylkeskommunen vere med på ei felles utlysing med Statens vegvesen om avfuktingsanlegg på Bømlabrua og på Stordabrua, som er SVV sitt ansvar.
På denne måten blir totalkostnaden mindre.
Tiltaka på Bømlabrua er kostnadsrekna til 85 millionar 2022-kroner og vil vere ferdigstilt i 2024.

KRITISK FOR BEREEVNA: Fuktskader på berekablane på Bømlabrua kan bli kritiske for bereevna til brua om dei får utvikle seg. No løyver fylkestinget i Vestland midlar til avfuktingsanlegg på brua. Foto: Vestland fylkeskommune.