Alle drosjer i fylket blir utsleppsfrie

– Alle drosjer i fylket skal bli miljøvennlege, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget har vedteke at alle drosjene i tidlegare Sogn og Fjordane skal bli utsleppsfrie frå 1. april 2026. Tidlegare har fylkestinget vedteke tilsvarande for drosjene i Hordaland frå 1. april 2024.

Fylkesordførar Askeland festkledd med ordførarkjede ladar ein bil. Bak han står ein mann å held paraplyen for han. Foto.
MILJØVENNLEG: Fylkesordførar Jon Askeland ladar ei drosje på Bergen lufthamn, Flesland, det største ladeanlegget for eldrosjer i Norden. I løpet av få år skal alle drosjene i fylket bli utsleppsfrie. Foto: Vestland fylkeskommune

Vedtaket gjeld drosjer registrert for inntil 9 personar i alle kommunar i det tidlegare Sogn og Fjordane fylke. For at drosjenæringa skal kunne få rimeleg tid til å omstille seg, er det ein lovpålagt overgangsperiode på fire år.

Stor nedgang i utsleppa

– Dette er nok ei satsing vi har for betre klima og miljø. Vi får stor nedgang i utsleppa frå drosjenæringa. Klimautsleppa vil gå ned med 2 230 tonn årleg. Det er ein nedgang på heile 85 prosent. I tillegg får vi redusert utsleppa av NOx med sju tonn årleg, seier fylkesordføraren.

Fylkestinget er opptatt av at brukargrupper som mellom anna treng rullestol, ikkje skal bli ståande utan tilbod når drosjene ikkje lenger kan ha forbrenningsmotor. Dei ber difor regjeringa innføre dispensasjonsadgang i nasjonale føresegner.

Tilskot til hurtigladarar

Fylkestinget går vidare inn for å etablere lynladerar ved alle sjukehusa, og at desse blir prioritert for drosjene.

– På same måte som for drosjenæringa i Hordaland, vil fylkeskommunen gje tilskot til utbygging av hurtigladarar i Sogn og Fjordane. Vi har sett av to millionar kroner i støtte til utbygging av offentleg hurtigladestruktur i budsjett for grøn vekst, klima og energi, seier fylkesordførar Jon Askeland.