Tilskot til hurtigladeinfrastruktur for elektriske køyretøy og tunge køyretøy 2025
Du kan no søkje tilskot til utbygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar for elektriske køyretøy og tunge køyretøy i Vestland. Søknadsfrist er 4. august 2025.
Vestland fylkeskommune har som mål at klima og miljø skal vere premiss for samfunnsutvikling. Fylkeskommune skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Vestland fylkeskommune skal samstundes utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar mobilitet. Elektrifisering av bilparken er eitt av satsingsområda for å nå måla om klimaomstilling.
Nytt av året er at det òg vert lyst ut midlar til ladeinfrastruktur for tunge køyretøy.
Målet med utlysinga
Fylkeskommunen tilbyr investeringsstønad til deg som vil etablere offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar for elektriske køyretøy og tunge køyretøy. Ordninga skal gjere det mogleg å bygge ut hurtigladeplassar på stader der utbygging ikkje kan skje på kommersielt grunnlag aleine, samt bidra til berekraftig verdiskaping.
Vestland fylkeskommune har sett av 3.390.000 til stønadsmidlar til ladeinfrastruktur til elektriske køyretøy, og kr 5.000.000 til tunge køyretøy for 2025.
I 2025 skal prioriteringa for hurtiglading for elektriske køyretøy vere å betre dekning i distrikta, spesielt i nordlege delen av Vestland. Det er framleis eit hovudfokus å løyse utfordringar for drosjenæringa. Lokasjonar som er spesielt aktuelle er Stad – ytre delar, Bremanger - spesielt ytre del, samt Strandebarm og Skånevik.
I 2025 skal prioriteringa av infrastruktur for tunge køyretøy vere i områda rundt innfartsårene til byane og sentrale strekningar for å sikre berekraftig verdiskaping. Desse skal ikkje konkurrere med Enova sine prioriterte strekningar. Lokasjonar som er spesielt aktuelle er Nordheimsund/Kvam, Mongstad og Øygarden. Samt rundt dei grøne hubane i Vestland.
Sjå utgreiing til Utvalsmøte PS 42/2025.
Vestland har òg andre ordningar knytt til ladeinfrastruktur: Heimelading av drosjer i tidlegare Sogn og fjordane, Tilskot til heimeladar for drosje - Vestland fylkeskommune. Samt til reiselivsdestinasjonar, Tilskot til normalladarar ved reiselivsdestinasjonar i Vestland - Vestland fylkeskommune
Kven kan søkje?
I hovudsak er det kommunar og private hurtigladeoperatørar som kan søkje.
Hurtigladeoperatøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og drifte hurtigladetilbod. Vestland fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap, inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei to siste åra.
Søkjar kan samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, kommunar, eigedomsforvaltarar, helseføretak, handels- og serviceverksemder, og kraftselskap i prosjektet. Det er òg ynskjeleg med speiselag, der ladeoperatøren får finansiering frå andre eksterne aktørar for å utbetre ladetilbodet utover det denne ordninga gjev rom for åleine. Døme på dette kan vere tilskot eller anna frå kommunar eller Merkur-programmet. Merkur-programmet gjeld spesifikt for Merkur-butikkane i distrikta.
Meir om utlysinga
Midla skal gå til etablering av nye, samt styrking av eksisterande ladeplassar, som ikkje kan byggast ut på kommersielt grunnlag åleine. Ladeinfrastruktur til tunge køyretøy skal ikkje ikkje konkurrere med Enova sine prioriterte strekningar.
Tilskot skal vere avgjerande for at prosjektet kan realiserast. Dette betyr at prosjekt som allereie er vedtatt gjennomført, montert eller sett i gang, vert ikkje støtta.
Utlysinga skal bidra til å oppnå måla i fylket sin hurtigladestrategi og strategi for ladeinfrastruktur for tunge køyretøy i Vestland.
Fylkeskommunen kan gje lovleg stønad til einskildføretak for å realisere samfunnsnyttige tiltak som ikkje kan gjerast på kommersielt grunnlag åleine. Nokre ladeoperatørar oppgraderer ladeplassane sine med betre ladeutstyr på kommersielt grunnlag. Fylkeskommunen kan difor ikkje gje tilskot til oppgradering av eksisterande ladeplassar i umiddelbar nærleik til slike ladeplassar. Det gjerast unntak for ladeplassar som ikkje vil påverke konkurransen negativt, eller som gagnar drosjenæringa i vesentleg grad.
Tildelingskriterium
For hurtiglading
Søknadar evaluerast med omsyn til omsøkt tilskotssum per installert kW, beløp pr ladeuttak, lokasjon i høve til ladetilbodet i nærleiken, spesielt knytt til nytteverdi for drosjenæringa.
Evalueringskriterium | Poengintervall | Vekt |
Kr/kW: Omsøkt stønadsbeløp per installert kW | 0–10 i høve til lågaste og høgaste kr/kW | 40 |
Lokalisering i høve tli nettverket av hurtigladarar, spesielt knytt til drosjebehov | 0–10 | 40 |
Omsøkt stønadsbeløp per ladeuttak | 0–10 i høve til lågaste og høgaste søknadssum per ladeuttak | 20 |
For tunge køyretøy
Søknadar evaluerast med omsyn til omsøkt tilskotssum per installert kW og lokasjon i høve til ladetilbodet i nærleiken. Sjå tabell under.
Evalueringskriterier | Poengintervall | Vekt |
Kr/kW: Omsøkt stønadsbeløp per installert kW | 0–10 i høve til lågaste og høgaste kr/kW | 50 |
Lokalisering i høve tli nettverket av hurtigladarar, spesielt knytt til drosjebehov | 0–10 | 50 |
Med ladeuttak meinast ladeuttak som kan nyttast til ein kvar tid. Det vil seie at ein ladestolpe med to uttak, der eitt kan nyttast om gongen vert definert som eitt ladeuttak. Likeins, vert ein ladestolpe med fire uttak, der det er plass til to bilar definert som to ladeuttak.
Fristar, tidskrav og vilkår for tilskot og utbetaling
Søknadsfrist er 4. august. Det vert politisk behandling i hovudutval for næring 26. august. Svarbrev vert send kort tid etter politisk behandling.
Fylkeskommunen kan i hovudsak dekkje opptil 50 prosent av godkjende investeringskostnadar. Driftskostnader vert ikkje dekka.
Fylkeskommunen gir investeringsstønad til prosjekt som er avhengig av stønad for å bli realisert. Prosjekt som allereie er vedtatt gjennomført, montert og/eller sett i gang, vert ikkje støtta.
Det må søkjast via regionalforvaltning.no. Det må leggjast ved ein oversikt over kostnadar for kvart tiltak.
Vilkår for gjennomføring av prosjektet vil gå fram av tilsagnsbrevet. Tilskotet må verte brukt i samsvar med godkjente tiltak i det tidsrom som går fram av tilsagnsbrevet. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Søkjar må innan innan tre (3) veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot, akseptere og signere tilsegnsbrevet (e-signering).
Stønad vert utbetalt på etterskot. Tidsfrist for driftsetting og fakturering er 1 år etter signert tilsagnsbrev. Dersom søkjar ikkje har igongsett tiltaket og bedt om utbetaling innan 1 år, kan tilsegna felle bort. Tilskotsmottakar kan søkje om utviding av fristen.
Søkjar ber om utbetaling gjennom regionalforvaltning.no.
For utbetaling, er det krav om dokumentasjon av kostnadar for tiltaket, samt ein kortfatta rapport der det går fram talet på ladeuttak, kW installert, lokasjon osv.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll på at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.
Ordninga innfrir vilkåra til det alminnelege gruppeunntaket (GBER) og ordninga er dermed førehandsgodkjent av ESA. Det vil seie at stønadsordninga er lovleg i medhald av EØS-avtalen sine regler om offentleg stønad.
Klage
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen vert rekna frå den dagen dei fekk melding om vedtaket.
Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.
Du kan sende klagen til Vestland fylkeskommune, på e-post:post@vlfk.no
Klagen må innehalde opplysningar om kva vedtak som det vert klaga på, og dei grunnar som klagen støttar seg til.