LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland

Vil du vere med og skape eit levande, attraktivt og inkluderande lokalsamfunn?

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil styrkje trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur. Programmet gir både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale tiltak.

Informasjonsmøte 24. september

Vil du vite meir? Bli gjerne med på digitalt infomøte om LivOGLyst-programmet 24. september.

Sjå informasjonsvideo om programmet:

Opptak hausten 2025

Søk om å bli med i programmet med eit LivOGLyst-prosjekt innan 1. november.

Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?

Eit LivOGLyst-prosjekt blir drive av innbyggjarar i lokalsamfunnet. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Målet er å samle folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser for å skape noko positivt saman. 

Forprosjekt

Prosjekta startar alltid med eit forprosjekt. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr i støtte til å få folk med, skape engasjement, få fram idear og teste dei ut. Første året handlar det ikkje om å ha ei løysing klar - men å samle folk og å finne ut kva dei har lyst til. 

Hovudprosjekt

Etter forprosjektet kan de søkje om å bli eit hovudprosjekt. Då kan de få 300 000 kr over tre år og kan jobbe vidare med arbeidet frå forprosjektet. 

Tilskota til forprosjekt og hovudprosjekt kan brukast til

  • Prosjektleiing (inntil 50 prosent)
  • Mobiliseringstiltak og aktivitetar (t.d. idéverkstader, arrangement, møteplassar, utstyr)
  • Deltaking i LivOGLyst-nettverket (reise, opphald, kurs)

LivOGLyst-nettverket

Som prosjekt blir de del av eit regionalt nettverk med andre eldsjeler frå heile fylket. Her får de

  • opplæring i prosjektarbeid og relevante tema
  • ei årleg fysisk nettverkssamling med inspirasjon og erfaringsdeling
  • digitale faglege og sosiale møteplassar gjennom året
  • oppfølging frå fylkeskommunen og ein lokal kontaktperson i kommunen

Få inspirasjon og les om prosjektet til Ålfoten LivOGLyst.

Forprosjekt

  • Søkar må vere ein frivillig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret frå eit lokalsamfunn i Vestland fylke. De kan opprette ein eigen LivOGLyst-organisasjon eller samarbeide med ein eksisterande frivillig organisasjon som t.d. eit grendalag, ungdomslag og liknande. Fleire organisasjonar samarbeider gjerne om eit prosjekt, men ein organisasjon må stå som eigar.
  • Søknaden må beskrive lokalsamfunnet og seie noko om utfordringar og moglegheiter som finst. Søknaden skal vise at prosjektet er eit grasrot-initiativ i regi av innbyggjarar og forankra på tvers av lokalsamfunnet.
  • Prosjektet skal ha eit styre på minst 4–5 personar, og det er ønskeleg at styret reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet.
  • Søknaden må vise korleis de har tenkt å invitere befolkninga inn i prosjektet og evna til å mobilisere lokalbefolkninga til opne prosessar der alle kan delta og stimulere til frivilligheit og dugnad.
  • Søkar må ha kontakta kommunen sin, og fått ein skriftleg stadfesting om at prosjektet har ein eigen kontaktperson tilsett i kommunen. Denne skal fungere som ein ressurs for prosjektet.

Hovudprosjekt

  • Søkar må ha skriftleg stadfesting frå kommunen om eit økonomisk bidrag på 30 000 kr årleg (90 000 kr totalt), som blir overført direkte frå kommunen til prosjektet.
  • I søknaden må hovudprosjektet beskrive kva de har kartlagt og korleis de har mobilisert lokalsamfunnet i forprosjektet. De skal også beskrive ein plan for aktivitetar, tiltak og vidare mobilisering i hovudprosjektet.

Dette kan ikkje få støtte

  • Frivilligsentralar (men dei kan vere samarbeidspartnarar)
  • Etablerte prosjekt eller ferdig utforma tiltak
  • Store fysiske investeringar (tilskotet skal gå til aktivitetar, ikkje bygg eller anlegg)
  • Drift av eksisterande tilbod