Tilskot til samarbeid om større søknader til nasjonale og internasjonale ordningar innan berekraftig verdiskaping 2025
Vi lyser ut inntil 1 million kroner til å styrke regionalt samarbeid om større søknader innan berekraftig verdiskaping. Midlane skal brukast til samarbeid om søknader til nasjonale eller internasjonale ordningar, som kan bidra til å finansiere nye senter, program eller større prosjekt i Vestland. Kvar søknad kan få inntil 100 000 kroner i støtte.
Det krev tid og ressursar å utvikle gode prosjekt som kan nå opp i konkurransen i nasjonale og internasjonale ordningar. Prosessen med å finne dei rette norske og internasjonale partnarane og utvikle prosjektet, må ofte starte før støtteordningane er lyst ut offisielt.
Målet med ordninga er å styrke samarbeid om søknader som kan bidra til etablering av senter, program eller større prosjekt i Vestland med støtte frå nasjonale eller internasjonale ordningar. Tilskotsordninga skal bidra til realisering av Handlingsprogram 2022-2025 for berekraftig verdiskaping (PDF) og Temaplan forsking for Vestland (PDF).
Samarbeidsinitiativ innan følgjande ordningar er særleg aktuelle, men lista er ikkje uttømmande: utlysingar i Horisont Europa som krev breie partnarskap, Kapasitetsløft, Sentre for forskingsdriven innovasjon (SFI), Norsk katapult, Forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) og Norwegian Innovation Clusters (NIC).
Midlane skal vere utløysande for å etablere eller styrke samarbeidsrelasjonar, eller nye perspektiv i søknadsprosessen. Det vert lagt vekt på at initiativa skal bidra til sterkare samarbeid mellom ulike aktørgrupper, som t.d. mellom forskings- og utdanningsinstitusjonar og næringsliv og/eller kommunal sektor.
Målgruppe
Dei som kan søkje er forskingsinstitutt, universitets- og høgskuler, bedrifter, bedriftsorganisasjonar og kommunar i Vestland fylke. Søkjar må ha norsk organisasjonsnummer og har verksemd i Vestland fylke.
Spesielt for søknadsinitiativ til EU-program
Det kan ikkje søkjast om støtte til aktivitet som kan bli dekka gjennom Forskingsrådet si ordning PES Horisont Europa – Støtte til prosjektetablering og posisjonering. Ein kan likevel søkje dersom det handlar om aktivitet som PES Horisont Europa ikkje dekker, f. eks å etablere eit søknadskonsortium.
Kva kan du søkje støtte til
Kvar søknad kan få inntil kr. 100 000 i støtte. Midlane kan nyttast til å dekke personal- og indirekte kostnader for personar som skal arbeide med å samle samarbeidspartnarar og utvikle ein søknad. Dette kan gjelde personar i eigen organisasjon eller som ei kjøpt teneste for søkjar.
Oppfølging
Søkjar vil bli beden om å ha dialog om utvikling av prosjektet med Vestland fylkeskommune og den regionale partnarskapen, som til dømes FoU-forum Vestland og Horisont Vestland
Krav til søknaden
For å bli behandla må søknaden oppfylle følgjande krav:
1. Innsending
- Søknaden skal sendast inn via regionalforvaltning.no
- Alle felt i søknadsskjemaet må vere utfylte
- Søknadsskjemaet kan ikkje overstige fem sider
- For prosjekt retta mot Grøn plattform må Forskingsrådet si tilbakemelding på skissa leggjast ved
2. Prosjekt innanfor ramma for ordninga
- Prosjektet må vere retta mot målet i utlysinga og søkjar må vere i målgruppa
3. Finansiering og eigeninnsats
- Tilskot frå fylkeskommunen kan normalt dekke inntil 50 % av kostnadene i søknaden (eks. mva)
- Eigeninnsats skal spesifiserast i budsjettet med timetal, timesats og ansvarleg organisasjon
- Eigeninnsats skal førast med ein timesats på inntil 1 % av nominell årsløn, avgrensa til kr 1500 per time og maksimalt 1850 timar per år. Eigeninnsats over kr 700 per time skal dokumenterast med nominell årsløn. Ved eigeninnsats under kr 700 per time er signert prosjektrekneskap tilstrekkeleg dokumentasjon. Aktørar som har avtalt timepris med Norges forskingsråd, kan nytte denne ved føring av eigeninnsats
- Den same aktiviteten kan normalt ikkje få finansiering frå fleire fylkeskommunale ordningar. Dette gjeld særleg støtte til utvikling av søknader, som ikkje kan kombinerast med andre fylkeskommunale midlar, sjølv om sjølve prosjektet eller senteret kan vere støtteberettiga i seinare fasar
Dersom søkjar er ei bedrift med kommersielt formål, vil støtte bli gitt i tråd med statsstøtteregelverket (GBER eller bagatellmessig støtte).
Vurdering og avgjerd
Søknadene vert vurderte etter følgjande kriterium:
1. Bidrag til mål for utlysinga
- I kva grad prosjektet legg til rette for samarbeid som kan bidra til velluka søknad til nasjonale eller internasjonale ordningar innan berekraftig verdiskaping
2. Klima og berekraft
- Om initiativet tek klimaomsyn og støttar ei berekraftig utvikling i tråd med regionale prioriteringar.
3. Gjennomføringsevne
- Kompetanse, organisering, realisme, risikovurdering og kvalitet på prosjektplan og budsjett.
4. Regional effekt
- Potensiell påverknad på verdiskaping og sysselsetting i Vestland.
5. Balansert prosjektportefølje
- Ved behov kan det leggjast vekt på å sikre geografisk og tematisk spreiing av midlane.
Korleis søknaden blir behandla
Prinsipp for behandling
Søknadsbehandlinga skal følgje krav til god forvaltningsskikk, offentlegheit, habilitet og etisk åtferd. Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avviste. EØS-regelverket for offentleg støtte kan påverke høvet til å gje støtte og omfanget av denne.
Avgjerder
- Søknader blir handsama fortløpande.
- Avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon tek endeleg avgjerd om tildeling.
- Dersom fleire søknader kjem inn på same tid, kan dei bli vurderte samla for å sikre best mogleg heilskapleg bruk av midlane.
Statsstøtteregelverk
- Bedrifter med kommersielt formål vil kunne få støtte etter gruppeunntaksforordninga (GBER) eller reglane om bagatellmessig støtte.
- Forskingsorganisasjonar og kommunar vil kunne få støtte utanom regelverket for statsstøtte dersom arbeidet vert knytt til ikkje-økonomisk aktivitet.
Innsyn i dokument
Alle kan be om innsyn i dokument hos Vestland fylkeskommune i samsvar med offentleglova. Opplysningar som er underlagde teieplikt, som forskingsidear eller konkurransesensitive næringsopplysningar, vert unnatekne frå innsyn. Ved innsynsbegjæring vil fylkeskommunen normalt kontakte søkjar for avklaring, men tek endeleg avgjerd om innsyn.