Ingeborg Walther og Magnus Carlsen
Har du same fornamn som Ingeborg Walther eller Magnus Carlsen, og er fødd mellom 1999 og 2006? Då vil vi høyre frå deg. Foto: Hedda McClean, CCBY-SA4.0 og Shutterstock, montasje: Geir K. Lien, Vestland fylkeskommune.

Er du ein Magnus eller ei Ingeborg?

Heiter du Magnus eller Ingeborg, og er mellom 18 og 25 år? Då kan du bli med på noko unikt!

Magnus Lagabøte blei konge i 1263 berre 25 år gammal. Nokre år før, i 1261, gifta han seg med si Ingeborg Eriksdotter i Håkonshallen.

No har du som heiter Magnus eller Ingeborg, og er mellom 18 og 25 år moglegheit til å vere med og feire landslovjubileet!

Vi skal nemleg finne fram til ein Magnus og ei Ingeborg som får vere med på den offisielle opninga av jubileumsutstillinga ved Bryggens museum 21. mai 2024, med mottaking i Håkonshallen, eit steinkast unna. 

Du kan ta med deg ein ven eller eit familiemedlem til både utstillingsopninga og arrangementet i Håkonshallen. 

Du vil òg få to billettar til å sjå utstillinga på nytt, billettar til Rosenkrantztårnet, og de vert inviterte til å delta på premieren på teatervandringa "Helt konge!"  - ei historisk teaterbyvandring i fotspora til Magnus Lagabøte den 25. april 2024. 

Kriteriar for å bli med

Kva skjer så?

Jublieumskommiteen vel ut ein Magnus og ei Ingeborg blant dei som sender inn e-post. Dei heldige blir deretter kontakta. 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo