Open prekvalifisering: Utlysing av kunstprosjekt til symjehall på Sogndal vidaregåande skule
Vestland fylkeskommune inviterer profesjonelle kunstnarar til å melde interesse for kunstprosjekt til den nye symjehallen til Sogndal vidaregåande skule.
Symjehallen
Den eksisterande symjehallen i Sogndal, lokalisert ved den vidaregåande skulen på Lunnamyri 2, skal rehabiliterast og få eit tilbygg med opplæringsbasseng.
Symjehallen vart bygt i 1969 og er teikna av arkitektkontoret Arnstein Arneberg. Det er eit karakteristisk bygg, mellom anna grunna limtredragarane som er ført gjennom ytterveggen. Dei eksisterande bjelkane og taket skal skiftast – takhøgda skal aukast frå 3 til 5 meter. Overløpsløysinga skal endrast ved å etablere slukrenner i golv langs bassengkanten og universell utforming skal betrast med å løfte bassenget for å unngå trappetrinn frå garderobe til basseng.
Symjehallen ligg tett knytt til nabobygget, Sogndal vidaregåande skule. Brukarar av bygget er grunnskule, vidaregåande skule, Røde Kors, dykkarklubben, revmatikarar, idrettslaget, frisklivssentralen, astmatikarar, babysymjing, born og vaksne med behov for habilitering. Symjehallen vil og vere open for ålmenta.
Symjehallen spelar ei viktig rolle for kommunen sine innbyggjarar i alle aldre. Ved sida av å vere arena for å lære barn og unge å symje, er det også ein stad for habilitering, babysymjing og som øvingsarena for Røde Kors og dykkarklubben. Ved å utarbeide universell utforming utvider symjehallen sitt bruksområde og tilpassar seg enda fleire av innbyggjarane.
Kunsten
Kunsten skal vere på høgt kunstnarisk nivå og av god kvalitet. Symjehallen er ein felles arena for alle Sogndals innbyggjarar, der ein kan møtast på tvers av generasjonar, klasse og føremål. Det er ein arena for glede og nytte, så vel som ein arena for å lære viktig kunnskap og ferdigheiter. Kunstutvalet ønskjer kunstverk som går desse arenaene i møte, og kan inngå i eit større fellesskap på ein nærværande måte. Kunstverket/kunstverka kan invitere til refleksjon, utfordre tankjer og opne for nye perspektiv.
Symjehallen har naturlege avgrensingar for kunstverk av hygieniske, plassmessige og praktiske årsaker. Det er eit fuktig og varmt miljø som set krav til type material over tid, og kunstverk må ta høgd for, og klare å bere dette miljøet. Til dømes er eigna material tre, glas og handsama metall. Kunstutvalet er opne for nytte av andre materiale så lenge dei har varande eigenskaper som kan tole miljøet. Aktuelle plasseringar for kunstverk i symjehallen er peika ut til å vere:
- kunst i taket (himling)
- kunst på vegg
- kunst på glasflater mellom bassenga (innanfor krav om foliering, universell utforming)
Kunstverk må ta omsyn til reinhald og vedlikehald. Det er ikkje mogleg å integrere kunst i bassenget i golv, fliser eller vegg. Kunstutvalet ønskjer éin kunstnar som får heile oppdraget og at denne arbeider i begge rom (symjehall og opplæringsbasseng).
Kunstutvalet vil invitere dei valde kunstnarane til ein vidare prosess basert på innsendte søknader. Val av område og type kunstverk veljast etter idékonkurranse.
Søknaden
Kunstutvalet ønskjer å invitere profesjonelle kunstnarar til å melde interesse for kunstprosjektet for Sogndal symjehall i ei open prekvalifisering. Dette er for å gje alle kvalifiserte og relevante kunstnarar moglegheit til verte vurderte, også om dei er nyetablerte i Noreg eller av andre grunnar ikkje er kjende for utvalet frå før.
Søknaden skal innehalde:
- Kort tekst om din grunngjevne interesse/motivasjon for oppdraget. Grunngjeven interesse/motivasjon for oppdraget skal leggast inn i tekstboks i søknadsskjemaet, som har ei avgrensing på 750 teikn. Dersom teksten din er lengre enn dette, kan du legge dette inn i vedlegg.
Me ønskjer ikkje konkrete forslag i denne delen av prosessen, og set pris på at du uttrykker deg kortfatta og presist. - Dokumentasjon av relevante tidlegare arbeid, og oppdatert CV (evt. inkl. kort bio).
Søknadsfrist
15. oktober 2026