foto av kunstverk i verkstadhallen for byggfag ved Åsane vgs.

Veggimellom

To karakterar er fordjupa i kvar sine arbeidsoppgåver på kvar si side av rommet i verkstadhallen for byggfag.

Tittel
Veggimellom
Kunstnar
Håkon Holm-Olsen
Stad
Åsane vidaregåande skule
Materiale
Collage trykket på folie
Årstal
2021

Ein bygningsingeniør og ein landmålar? To konkurrerande tømrarmeistrar? I dialog med bygget og i samtale med kvarandre blir dei ein integrert del av veggane.

Den eine figuren er synleg frå klasserommet som har vindauge inn mot hallen, den andre er synleg frå utsida. Begge er godt synlege for elevane og dei tilsette som brukar hallen til dagleg.