Kunstverket Vår hylle er fylt med historier på Åsane vidaregåande skule.

Vår hylle er fylt med historier

"Vår hylle er fylt med historier" starta som eit formidlingsprosjekt, der kunstnaren deltok i ein kunstpilot i samarbeid med skulen.

Tittel
Vår hylle er fylt med historier
Kunstnar
Mia Øquist
Stad
Åsane vidaregåande skule
Materiale
Collage med gjenstandar og folietekst limt på pultar og skap
Årstal
2020

Samarbeidet la grunnlaget for eit sosialt kunstprosjekt. Kunstnaren har samla inn informasjon og materiale frå elevar, tilsette og lærarar frå gamle Åsane vidaregåande skule, teke med brotstykke av skulekvardagen og "arkivert" det i ei hylle.

Gjennom prosjektet har kunstnaren konservert noko av historia, små glimt som vi får ta del i og teke det med vidare inn i den nye bygningen.

Alle foto: Pål Hoff