Transformasjonar, fasar, utvikling
"Transformasjonar, fasar, utvikling" er ei utandørs skulpturgruppe ved hovudinngangen til biblioteket.
- Tittel
- Transformasjonar, fasar, utvikling
- Kunstnar
- Annika Oskarsson og Thomas Nordström
- Stad
- Åsane vidaregåande skule
- Materiale
- Skulpturgruppe på bakken og under tak i rustfritt stål og ledlys
- Årstal
- 2020
Kunstnarane har tatt utgangspunkt i kunsten som ein sommerfugl, eit frø, eller ein yngel som blir transformert og tar ulik form gjennom ulike utviklingsfasar. Larva og puppen er forstadiet til det flygande insektet. Lik sommarfuglen byrjar mennesket ein stad med gitte føresetnader med gen, familie og røter. Gjennom livet blir vi påverka i samspel med andre for å bli til eit heilt menneske.
Skulpturgruppa til Oskarsson og Nordström speglar dette komplekse samspelet. To store skulpturar står på plassen ute og ønskjer oss velkomen. Samtidig peiker dei ut og opp og gir ei opning mot "noko" der ute. Ser vi opp når vi går inn hovudinngangen ved biblioteket, ser vi tre rare "kokongar" som heng under taket. Kva gjer dei der? Kunstverket gjev rom for tolking – og undring, og kanskje òg litt humor.
Alle foto: Pål Hoff