foto av vegg med ulike kunstverk på Åsane vgs.

Rommet i veggen

Kunstverket "Rommet i veggen" er plassert i gangen som bind saman yrkesskulen og kutlurskulen.

Tittel
Rommet i veggen
Kunstnar
Håkon Holm-Olsen
Stad
Åsane vidaregåande skule
Materiale
Collage trykket på folie
Årstal
2021

Bruken av rommet er flyktig. Nokon passerer gjennom ofte, andre ein sjeldan gong. Gangen hadde i utgangspunktet ingen visuelle forstyrringar, berre ein lang kvit vegg, som eit blankt lerret. Denne veggen har kunstnaren befolka med eit mylder av figurar i ulike størrelsar, som skal gje ein illusjon av et rom innover i veggen.

Gangarealet fungerer som eit bindeledd mellom yrkesskule og kulturhuset, og det blir også reflektert i motiva. Her finst element av maskiner og teknologi, men også kostyme, dans og førestillingar.