Kunstverket Rekonstruksjoner med digitaltrykk og svipenntekningar. Det er ein serie bilde på Åsane vidaregåande skule.

Rekonstruksjonar

Kunstverket er digitaltrykk og svipenntekningar på bjørkefinér. Rekonstruksjoner er montert på betongvegg i atriet og bibliotektrappa.

Tittel
Rekonstruksjonar
Kunstnar
Njål Lunde
Stad
Åsane vidaregåande skule
Materiale
Svipennteikningar og digitalt UV-flatbedprint på kvitbeisa bjørkefiner, og bok
Årstal
2020

Kunstnaren har tatt utgangspunkt i den lokale faunaen Haukåsmyrane i Åsane. Det er eit av dei viktigaste områda for biologisk mangfald i Bergen kommune.

Haukåsmyrane er eitt av ti utvalde restaureringsprosjekt for våtmarker som Miljødirektoratet har prioritert på landsbasis. Her har vipene eitt av dei siste hekkeområda sine, og her finst fleire amfibieartar og sjeldne insektartar. I Haukåselva lever den sjeldne elvemuslingen. 

Frå dette naturforvaltingsprosjektet har kunstnaren henta inspirasjon og tittel til kunstprosjektet Rekonstruksjoner. Han har òg laga ei bok om prosjektet.

Alle foto: Pål Hoff