Kunstverket Øye, hånd, sinn, som er ein film, på Åsane vidaregåande skule.

Øye, hånd, sinn

Kunstverket "Øye, hånd, sinn" er ein video på 7, 5 timar, som blir vist på storskjerm i atriet på skulen.

Tittel
Øye, hånd, sinn
Kunstnar
Anne Marthe Dyvi
Stad
Åsane vidaregåande skule
Materiale
Video
Årstal
2020

Verket er meint å vere eit bakteppe for det verkelege livet som er her og no. Ved '"å tøye tida" til det ytste og ved å samanstille fragmenterte og ikkje-beslekta scener i form og uttrykk, seier kunstnaren noko om det tidlause.

Tittelen og utgangspunktet til kunstnaren har vore dokumentarfilmen "It's All In My Hands" frå 1977 og teksten "De manuelle" av tømrarmeister Ole Thorstensen. Filmen handlar om ein skomakar og sonen hans, og "De manuelle" er ein tekst om yrkesfaga, og kva det har å seie for samarbeidet mellom auge, hand og sinn.

Alle foto: Pål Hoff