Oppdrift
Kunstverket "Oppdrift" er ein luftig komposisjon, ei gruppe flygarar på veg ut i rommet, anten i verkstadhallen eller i verdsrommet.
- Tittel
- Oppdrift
- Kunstnar
- Håkon Holm-Olsen
- Stad
- Åsane vidaregåande skule
- Materiale
- Teikning trykt på folie
- Årstal
- 2021
I verkstadhallen for TIP (teknologi- og industrifag) er det mykje støy, både i form av lyd og visuelle inntrykk. Her er det behov for eit enkelt blikkfang, noko tydeleg og grafisk, som trekker blikket oppover. Samtidig må det vere underfundig nok til at ein kan sjå det mange gonger.
Figurane i komposisjonen aktiverer også heile veggflata, og skaper eit rom rundt seg. Teikningane er baserte på fotografi av eksperimentelle helikopter og flymaskiner.
Plassert på den kvite langveggen oppunder taket er motivet godt synleg frå alle stadar i hallen, og også frå klasserommet over.