Kunstverket Å samle på farge / Collecting Color av Katrine Giæver. Kunstverket er på Åsane vidaregåande skule.

Å samle på farge / Collecting Color

Verket er ein fargekomposisjon, som eit tredimensjonalt måleri vi kan bevege oss rundt i.

Tittel
Å samle på farge / Collecting Color
Kunstnar
Katrine Giæver
Stad
Åsane vidaregåande skule
Materiale
Veggmåleri
Årstal
2020

Gata har i utgangspunktet mange arkitektoniske element i seg, som utspring, ulike vindaugsformat, dører på rekke, søyler, gangbruer som gir ulike takhøgder og taket med overlys.

Ved å ta utgangspunkt i dette har kunstnaren laga ein fargekomposisjon som både går med og mot arkitekturen. Fargekomposisjonen, i fleire høgder og intervall, aktiviserer heile rommet og løftar passasjen til ein stad med eigen identitet.

Alle foto: Pål Hoff