Tilskot arenautvikling i bibliotek (2022)

Fylkeskommunen lyser ut midlar til arenautvikling i biblioteka. Tilskotsordninga skal stimulere til utvikling og utjamning av forskjellar i bibliotektilbodet i Vestland ved å fornye biblioteklokale og støtte investering i mobile einingar.

Fylkeskommunen ønskjer å bidra til at dei kommunale biblioteka kan drive aktiv formidling, vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt, og til at dei kan gi innbyggjarane betre tilgang til kunnskap, litteratur og kulturopplevingar. 

Til grunn for ordninga ligg behovet for å utvikle folkebiblioteka som relevante kulturarenaer, læringsarenaer og møteplassar, jf. §1 i folkebiblioteklova. Biblioteklokalet skal vere ein open, inkluderande og tilgjengeleg stad for rekreasjon, debatt, opplysning og kunnskap. For å oppfylle samfunnsoppdraget har mange bibliotek behov for nye eller renoverte lokale som sikrar eit velfungerande samspel mellom rom og funksjon. Det kan resultere i fleire aktivitetar tilpassa innbyggjarane sine behov lokalt, innføring av meiropne bibliotek, nye formidlingsmetodar og samarbeidsformer.

Avstand, for liten tid og mangelfullt offentleg transporttilbod er medverkande årsak til at ein ikkje nyttar folkebiblioteket. Eit mobilt bibliotektilbod kan vere svar på slike utfordringar både i kommunar med spreidd busetnad og i tettbygde strok. Tenesta er svært fleksibelt og kan endre driftsform og -område i tråd med endringar i busetnad og behov for ulike formidlingstilbod. Mobile bibliotektenester kan vere ei utviding av det stasjonære biblioteket og supplement til skulebiblioteket.

Ordninga gjeld kommunar i Vestland fylke til tiltak i folkebibliotek.

Maksimal søknadssum er kr 300 000. Ved større investeringar er det høve til å søkje om tilskot på inntil kr 600 000 fordelt på to år. Kommunen må garantere for ein kronesum tilsvarande minimum søknadssum. Søknaden må vere vedlagt kommunalt vedtak med budsjett for tiltaket.

  • Modernisering av heile eller deler av biblioteklokalet, t.d. ombygging, oppussing, nytt interiør og utstyr til meirope.
  • Investering i bibliotekbuss eller anna mobil eining som støttar føremålet til ordninga.

Berre tiltak som går direkte på utbetring av biblioteklokale eller investering i mobil eining blir støtta. Midlar kan ikkje nyttast til t.d. studietur eller kompetanseheving. Midlar til utstyr til meirope bibliotek skal ikkje brukast til å redusere betjent opningstid. Mobile einingar må ta omsyn til miljø og klima.

Fylkeskommunen vil i tillegg til løyving gjennom ordninga bidra med kompetanse og gi hjelp med gjennom­føring av prosjekt, bl.a. hjelp med val av interiørarkitekt, deltaking i prosjektgruppe,  samlingsutvikling og liknande.

  • Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.
  • Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet med budsjett og plan for gjennomføring.
  • Med søknaden må det følgje garanti om kommunal eigenandel, kronesum minimum tilsvarande søknadssum.

20. august

Ei heilskapsvurdering med bakgrunn i overordna mål for ordninga, tiltakets kvalitetar, plan og budsjettering ligg til grunn for eventuelt tilskot eller avslag. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

  • At det kjem tydeleg fram kvifor ein vil gjennomføre prosjektet, kva mål ein vil oppnå.
  • At prosjektet er del av ei større oppgradering av biblioteklokalet.
  • Korleis prosjektet er forankra i lokale behov, overordna planar og føringar.
  • At tiltaket fører til eit utvida tilbod og betre tenester for publikum.
  • Korleis prosjektet tek omsyn til krav om universell utforming.
  • Om prosjektet skal nytte interiørarkitekt.
  • Om det er planlagt samlingsutvikling i samband med prosjektet.
  • Om bibliotekavdelinga har fått støtte tidlegare.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.   

Avdeling for Kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist. 

Prosjekt som innfrir vilkåra, men som ikkje vert prioriterte ved tildelinga, kan søkje på nytt ved ny utlysing.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden.

Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning. 

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil to år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

  • tiltaket ikkje er igangsett innan to år etter tildeling.
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og likviditetsbehov innan tre år etter svar er sendt ut.

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.  Fylkeskommunen kan be om statusrapportar undervegs i prosjektet.

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte.

Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.