Klassesett

Utlån av klassesett er no ei teneste frå Nasjonalbiblioteket ved Depotbiblioteket, og er avslutta som teneste frå Vestland fylkeskommune. Depotbiblioteket har overtatt samlinga til Vestland fylkeskommune.

Det er frivillig om folkebiblioteket vil tilby denne tenesta til skulane i sin kommune. 

Praktiske konsekvensar for lærarar og skular i Vestland

  • Om du er interessert i å låne eit klassesett frå Depotbiblioteket, må du ta kontakt med ditt folkebiblioteket for å spørje om dei tilbyr tenesta.
  • Om ditt folkebibliotek tilbyr tenesta, er det bibliotekaren som bestiller klassesett. Klassesett hentar og leverer du på folkebiblioteket.  
  • Generell informasjon frå Nasjonalbiblioteket om klassesett finn du her: Klassesett - Depotbiblioteket
  • Sjekk kva bøker som er ledig ved å besøke Depotbiblioteket (vel avdeling “klassesett”).
  • Ver obs på at det ikkje lenger er mogleg å reservere bøker fram i tid.

For folkebiblioteka

Klassesett blir ekspedert fortløpande frå Depotbiblioteket. Depotbiblioteket vil gjerne ha beskjed dersom de må vente uvanleg lenge på klassesetta.

Tapte eksemplar melder de i frå om til Depotbiblioteket. Bibliotek og skular/lærarar blir ikkje halde ansvarleg for tapte bøker.

Innkjøp av klassesett

Vestland fylkeskommune vil halde fram med å utvikle klassesett-samlinga til Depotbiblioteket ved å kjøpe inn ny nynorsk litteratur.

Send gjerne inn tips og ønske.