Vegstengingar
Periode
14. september til 9. oktober
Mandag til torsdag
Stengt for trafikk kl. 07–19 med gjennomkøyring kvar time.
Opningane blir tilpassa skulebuss, heimesjukepleie og mjølkebil.
Det blir tilrettelagt for naudetatar.
Helg
Vegen blir heilt stengt for trafikk dei tre helgene i perioden, frå fredag kl. 18 til mandag kl. 06. Det blir tilrettelagt for naudetatar.
- 18.–21. september
- 25.–8. september
- 2.–5. oktober
Følg med på 175.no eller Vegvesentrafikk-app for vegmeldingar framover.
Båttransport
Det blir sett opp båt for persontransport dei helgene vegen er heilt stengt, frå Vik til Arnafjorden. Vi kjem attende med rutetider for denne.
Betre og meir stabil fylkesveg
Det skal skiftast ut vegmassar under vegen på ei strekning på 210 meter ved Eitreneset. Dette vil gjere vegen og vegdekket meir stabilt og haldbart i lengre tid framover.
Tilstanden på strekningen har forverra seg merkbart siste året, og tiltaket blei prioritert gjennomført hausten 2026.
På mesteparten av strekninga skal massane skiftast ut 1,5 meter ned, men på fire punkt med særs dårlege grunnforhold må vi grave til 3 meters djupn for å få eit stabilt vegfundament. Her må heile vegen gravast vekk og det må stengast for trafikk under arbeidet. Massane skal i stor grad byttast med lettare massar i geonett. Denne metoden gir langvarig gode resultat for vegen, og arbeidet er mindre tidkrevjande enn å t.d. sette opp murar.
Det skal også byttast stikkrenner, leggast nytt dekke og settast opp rekkverk.
Tryggleik
Vegen er smal og ligg i bratt terreng utan moglegheit for snu- eller møteplassar. Difor må den stengast for trafikk under delar av arbeidet. Tryggleiken til både trafikantar og dei som gjer jobben må ivaretakast. Det er lagt opp til kontinuerleg og effektivt arbeid dei helgene vegen må stengast. Det blir alternative løysingar for naudetatar gjennom heile perioden. Vi ber om forståing for ulempene stengingane fører med seg og takkar for tolmotet. Vi gler oss til å opne ei utbetra strekning.