Privatarkiv

Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling av arkiv i Vestland. Dei private arkiva kjem frå verksemder, organisasjonar og privatpersonar og høyrer til samfunnsdokumentasjonen. Dokumentasjonen er skapt av folk i Vestland og inneheld ytringar om samfunnsgrupper, saksfelt, rettar og nærings- og organisasjonsliv i fylket. 

Bevaring av private arkiv

Temaplan for bevaring av privatarkiv i Vestland 2025-2029 ligg til grunn for eit målretta og samordna arbeid med å verne og gjere tilgjengeleg privatarkiv i Vestland.

Eit anna målretta vernearbeid vert utført av Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane, som vart etablert i 1989 i samarbeid med LO, AOF og DNA. Ordninga sikrar dokumentasjon frå arbeidarrørsla i fylket.

Dette har vi

Hovuddelen av dei private arkiva kjem frå lag og organisasjonar (over 1 000 arkiv), medan rundt 300 arkiv stammar frå bedrifter og vel 360 frå enkeltpersonar. Dei fleste arkiva er ordna og katalogiserte, og såleis tilgjengelege for publikum på fylkesarkivet sin lesesal. Eit oversyn over registrerte arkiv finn du i Arkivportalen. Digitalisert privatarkivmateriale vert publisert på Digitalarkivet. Følg denne lenka for å søke i dei digitaliserte dokumenta: Digitalarkivet.no

Brev

Digitaliserte brev, mellom anna Amerikabrev, er tilgjengeleg i det digitale fylkesarkivet. Breva som er publisert i det digitale fylkesarkivet kan du fritt laste ned. Ved offentleg bruk av breva ber vi om at du nyttar brevnummer og Vestland fylkeskommune som kjeldereferanse.

Vi vil i tida framover gjere fleire historisk brev tilgjengeleg i det digitale fylkesarkivet. Ta kontakt dersom du vil bidra i arbeidet med å transkribere breva.