Musikk
Musikk- og dansetradisjonar er ei viktig kjelde til kunnskap om fortid og notid; Dei fortel noko om samfunnet og kulturen dei er og var ein integrert del av, og om korleis musikken og dansen som uttrykksform har endra seg gjennom tida. Fylkeskommunen arbeider med innsamling, vern og formidling dokumentasjon av musikk- og dansetradisjonar frå Vestland.
Kva har vi?
Tradisjonsmusikksamlinga omfattar lyddokumentasjon av framføringar med musikk og utøvarar med tilknyting til Vestland. Her vil du finne opptak gjort frå tidleg på 1900-talet og fram til i dag.
Notesamlinga omfattar fleire ulike samlingar av notar på både eldre og nyare musikk. Notesamlingane er ikkje digitalisert, men på lesesalen kan du mellom anna bla i transkripsjonane etter Arne Bjørndal og Ola Ryssdal - to innsamlarar som har vore svært viktige for dokumentasjonsarbeidet i fylket vårt.
Musikkarkivet forvaltar også noko audiovisuell dokumentasjon av danseframføringar.
Bruk og tilgjenge
Du kan søke i lydopptak i det digitale fylkesarkivet. Når vi har fått løyve frå opphavarane, kan du i tillegg strøyme opptaka kostnadsfritt her. Dersom du ønskjer digital kopi av materiale kan du ta kontakt med oss.
Vilkår for bruk lydfiler
1. Kopiar av arkivopptak og notar frå samlingane til Vestland fylkeskommune (VLFK) kan tingast av privatpersonar, studentar, skuleelevar, forskarar og utøvarar.
2. Kopiar kan nyttast til privat bruk eller i samband med opplysningsarbeid, opplæring, kulturformidling og forsking.
3. Det er forbode å lage nye kopiar, kringkaste, selje eller på annan måte utnytte arkivmateriale til økonomisk vinning.
4. Gje alltid opp Vestland fylkeskommune som kjelde når du brukar materiale frå VLFK som utgangspunkt for skriftleg arbeid eller audiovisuelle produksjonar. Du skal også kreditere utøvaren eller opphavspersonen til materialet du bruker. Dersom du har spørsmål om korrekt kjeldebruk, ta kontakt med oss.
5. Dersom tinginga er ei gåve til ein tredjeperson, skal du gjere vedkomande merksam på desse vilkåra.