Bidra som frivillig med kulturarv

Vil du bidra til å gjere kulturarven vår meir tilgjengeleg for fleire? Det er fleire ting du som frivillig kan gjere.

Har du utfyllande informasjon knytt til noko i samlinga vår, så er vi alltid interessert i å høyre frå deg! Vi har eit mål å få på plass verktøy for transkribering og anna metadataregistrering etter kvart. Ta kontakt med oss, og fortel oss kva du er interessert i. 

Skulehistorie

Er du engasjert i skulehistorie? På skulenmin.no finn du skulehistoriske kjelder frå ulike aktørar. Vi jobbar med å få samla inn fleire kjelder og meir informasjon. Mykje av den felles skulehistoria vår er i privat eige eller berre eksisterer som minne er vi avhengige av hjelp til å vere med å fylle ut hola i historia. Les meir på sida om korleis du kan bidra

Stadnamn

Har du lyst å bidra til å få samla inn fleire lokale stadnamn? Sjekk ut stadnamn-sidene vore for å sjå om dine lokale stadnamn er med i samlinga vår, og ta kontakt viss du ser at nokon manglar.