Å skape kultur for lesing – biblioteket som ressurs i skolen

Bibliotekutvikling i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland fylkeskommunar inviterer for andre gong til digital erfaringskonferanse om skolebibliotekutvikling.

På konferansen vil vi sjå på korleis skolebiblioteket kan vere ein ressurs i leseopplæringa og i arbeidet med å stimulere til leselyst og leseglede. Eit utval prosjektkommunar deler erfaringar frå arbeidet med skolebibliotekutvikling, og vi får fagleg oppdatert kunnskap frå Ingeborg Eidsvåg Fredwall. Ho gir oss eit forskingsbasert blikk på kva eit godt skulebibliotek er.

Fleire kommunar på Vestlandet har fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet til skolebibliotekutvikling sidan ordninga vart oppretta i 2018, nokre av kommunane fleire gonger. Gjennom desse åra er det opparbeidd mykje kunnskap om utvikling av skolebibliotek i fylka våre. Fleire av kommunane har etablert tettare samarbeid mellom skole og folkebibliotek i prosjektperioden.

Målgruppa for konferansen er kommune- og skoleleiarar, lærarar, skolebibliotekarar og tilsette i folkebibliotek. Konferansen er for alle som er interesserte i skolebibliotekutvikling, både kommunane som har fått Udir-midlar og dei som ønskjer å søke midlar i 2026, og for dei som berre ønskjer fagleg påfyll og inspirasjon.  

Det er gratis å delta.

Program  

09.00   Velkomen v/ Mona Iren Auganæs, fylkesbiblioteksjef Møre og Romsdal fylkeskommune

09.10   Skolebiblioteket - satellitt eller sentrum i lesekulturen?
Ingeborg Eidsvåg Fredwall gir oss eit forskingsbasert blikk på kva eit godt skolebibliotek er.
Fredwall er førstelektor og instituttleiar ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder, i tillegg til studieprogramleder for bachelor i skolebibliotekkunnskap. Ho har skrive artiklar og fagbøker om litteraturdidaktikk, barnelitteratur og skolebibliotek.

09.50   Norge skal til VM! Frankrike ’98 til USA 2026.
Hva har dette med skolebibliotek å gjøre? Jo, nå skal du høre.
Skolebibliotekkoordinator Espen Iversen deler erfaringer fra prosjektarbeidet. Sandnes kommune.  

10.10    Lesemeistring for demokratiet
Biblioteksjef Elin Mariboe frå Stord kommune fortel om prosjektet.

10.30   Pause

10.45    Skulebibliotek – er det så viktig da?
Åse Elisabeth Skjærseth, kommunalsjef oppvekst i Giske kommune deler erfaringer fra prosjekt. 

11.00    Nynorskopplæring i skolebiblioteket – nynorske eksempelbibliotek?
Liv Astrid Skåre Langnes og Christine Sletta Langeland frå Nynorsksenteret

11.05    Workshop: Korleis få til varig endring av midlane til skolebibliotek? 

11.35   Informasjon om tilskotsordninga for skolebibliotek i grunnskolen til Utdanningsdirektoratet
v/ Silje Jansen Nybø, Vestland fylkeskommune

11.45    Informasjon om å søke på innkjøpsordning for skolebibliotek
v/ Maciej Liguzinski, Kulturdirektoratet

11.55    Oppsummering og avslutning

12.00   Slutt