Bli trainee og få ein god karrierestart
Ved å bli trainee hos oss får du ei bratt læringskurve som er gull verdt. Vi er med i trainee-programma til Framtidsfylket Vestland og Trainee Vest.
Dette får du som trainee
Ei traineestilling byr på brei arbeidserfaring, personleg utvikling og nye nettverk. Når du er trainee får du:
- fagleg utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
- tett oppfølging med eigen mentor og undervegssamtaler
- fellessamlingar, både i regi av trainee-programma og fylkeskommunen
- bli kjent med næringslivet i Vestland og fylkeskommunen
- personleg utvikling
- fagleg og sosialt program
- ein studietur til eit land i Europa, for å bli kjent med EU-systemet og næringslivet der. Tidlegare har turen gått til Brüssel.
Når kan du søke?
Kvart år lyser vi ut trainee-stillingar i fylkeskommunen. Følg med på sidane til Framtidsfylket for stillingar i distrikst-Vestland og Trainee Vest for stillingar i Bergen.
Du kan no søke på desse stillingane:
Trainee Vest sine traineestillingar for 2026/27 er no lansert. Vi har desse stillingane:
- Økonomi - avdeling for mobilitet og kollektiv og Skyss
- Berekraft - avdeling for infrastruktur og veg
- Digitalisering og innovasjon - avdeling for næring, plan og innovasjon
- Internasjonalt samarbeid - avdeling for næring, plan og innovasjon
Alle stillingane har søknadsfrist 6. januar 2026 med oppstart august 2026.