Erasmus+ vaksenopplæring

Via fylkeskommunen kan tilsette som arbeider med vaksne si læring gjennomføre læringsopphald i Europa. Læringsopphalda skal bidra til kompetanseheving, styrke ferdigheiter og kvalifikasjonar, og gi moglegheit til å utveksle erfaringar med kollegaer i Europa.

Fylkeskommunen er akkreditert gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Gjennom akkrediteringa lysar fylkeskommunen årleg ut midlar til læringsopphald. 

Kven kan delta?

Alle som jobbar med vaksne sin læring kan delta, læringsopphaldet må vere  knytt til Vestland fylkeskommune sine målsettingar.

Målgruppa er tilsette i Rettleiingstenesta, Karriere Vestland og tilsette på vidaregåande skule.

Kva kan du få støtte til?

De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift for følgande aktivitetar:

  • Jobbskygging/hospitering
  • Delta på kurs
  • Invitere ekspert til Noreg

Fylkeskommunens målsettingar som gjeld for læringsopphaldet

  • Styra pedagogisk kompetanse gjennom mangfaldsleiing og mangfaldskompetanse i vaksenopplæringa.
  • Styrke regional og lokal samarbeidskompetanse innan vaksenopplæringa.
  • Få kompetanse om nye og tilpassa undervisningsmetodar som støttar opplæringa i grunnleggande ferdigheiter i alle fag i vaksenopplæringa.
  • Auka fleksibilitet i vaksenopplæringa.

Kriterium for å få delta

  • Du må representere ein organisasjon som er aktiv innan vaksenopplæring .
  • Minst to personar og maks fire personar per opphald, inntil to personar frå kvar eining/ organisasjon/ skule. (for inviterte ekspertar, maks to personar per opphald) .
  • Det er ikkje mål om at så mange som mogleg skal reise, men at dei som reiser skal ta med seg kunnskap og kompetanse tilbake og dele med eigen organisasjon og andre samarbeidspartar. 
  • Organisasjonen må skrive under på eit Erasmus+mandat, og godkjenne og følgje felles retningslinjer i «Erasmus Quality Standards».  

Utlysning

Fylkeskommunen vil åreleg lyse ut prosjekt med spesifikt tema, der målgruppa kan melde interesse for å delta. Dersom du har forslag til prosjekt som oppfyller kriteriane kan du sende e-post til kontaktperson. 

Erasmus+ er verdas største utdannings- og opplæringsprogram, og gjer det mogleg å søke om midlar til å gjennomføre ulike aktivitetar som bidreg til kvalitet og utvikling i opplæringssektoren gjennom europeisk samarbeid.

Erasmus+ støttar mobilitet (utveksling) og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet; barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.

Sentrale satsingsområde er kvalitet i undervisning og opplæring, inkludering, digitalisering, innovasjon og kopling mellom utdanning og arbeidsliv.

Du kan lese meir om Erasmus+, og dei ulike aktivitetane ein kan søke midlar til på HK-dir. 

Vestland fylkeskommune har søkt og fått innvilga «Erasmus+ Akkreditering» innan vaksenopplæring i perioden 2021-27.

Akkrediteringa betyr at fylkeskommunen koordinerer, og lyser ut midlar til internasjonale mobilitetsprosjekt innan vaksenopplæring.

Fylkeskommunen deltek i Erasmus+programmet for å bidra til å auke kvaliteten i opplæringa og styrke kompetanse til dei tilsette.

I akkreditering for vaksenopplæring er hovudtema kompetanseheving for tilsette, mangfaldsleiing, integrering, og kvalifisering av innvandrarar til auka deltaking på arbeidsmarknaden.

Det blir gitt tilsegn etter faste EU-satsar, som blir rekna ut etter landgruppe og avstand.


Læringsopphald

  • Land 
    Finansiering etter faste satsar per person, per dag ved reiser til:
    Gruppe 1: Austerrike, Belgia, Frankrike, Danmark, Finland, Tykland, Island, Irland, Italia, Liechtenstein, Luxemburg, Nederland, Norge, Sverige  - 191 Euro
    Gruppe 2: Kypros, Tsjekkia, Estland, Hellas, Latvia, Malta, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania -169 Euro
    Gruppe 3: Bulgaria, Kroatia, Ungarn, Litauen, Polen, Romania, Serbia, Nord Makedonia, Tyrkia – 148 Euro
  • Kursavgift
    Det blir gitt 80 Euro per deltakar per dag
  • Ekspert til Noreg
    Ein ekspert frå Europa kan kome til Vestland/din kommune og halde kurs/seminar/ha innlegg på konferansar. Finansiering etter «Gruppe 1».
  • Reiseutgifter:
    Basert på faste satsar. Eks: Per person frå Noreg t.o.m. Nord-Italia
    309 Euro tur/retur. Til Sør-Italia 395 Euro tur/retur.

Alle organisasjonar som søker og får innvilga midlar via ulike EU-program må registrere seg i ein EU-database og få eit OID-nummer. 

Sjekk her om din organisasjon (søkarorganisasjon) har OID-nummer frå før:  Erasmus+ and European Solidarity Corps platform (europa.eu)

Dersom de ikkje har det, kan de sjå på ein video som HK-dir, nasjonalkontoret for Erasmus + programmet, har laga om korleis de går fram. 
Til videoen Erasmus+: Hvordan oppretter man en organisasjons-ID (en OID) for å kunne søke?