Raymond tok sjansen på nytt fag – fekk raskt jobb i olje- og gassindustrien

Då telefonen frå Nav kom, visste ikkje Raymond Schønning Røsok (34) heilt kva han sa ja til. Likevel blei det starten på ein ny veg inn i arbeidslivet.

Smilende mann i oransje arbeidsklær
Raymond (34) tok sjansen på ein ny veg i arbeidslivet. Foto: Privat

Opplæring i isolatørfaget var ikkje noko Raymond Schønning Røsok hadde planlagt, eller kunne særleg mykje om.

– Eg visste eigentleg ikkje kva isolatørfaget var, og tenkte i utgangspunktet på isolasjon i hus, ikkje olje og gass, seier Raymond.

I dag jobbar 34-åringen i skiftordning for Beerenberg, og er på god veg mot eit fagbrev som vaksen.

Kort veg til jobb

Raymond hadde eit år med elektro og eit år med restaurant og matfag frå vidaregåande, men fullførte ikkje nokre av utdanningane.

– Eg blei skulelei, og begynte å jobbe i staden. Og så gjekk tida ganske fort.

I løpet av åra har Raymond mellom anna jobba innan helse, på lager og på båt, utan å finne noko varig.

– Eg har vore litt over alt. Då Nav ringte og sa at denne mogelegheita innan isolatørfaget kunne vere ein god veg til fagbrev og jobb, høyrde det spennande ut, seier han.

Ein gyllen moglegheit

Gjennom prosjektet Fagveg samarbeidar Nav, Vestland fylkeskommune og bransjar om å gje vaksne reelle moglegheiter til fagutdanning og jobb. Den store mangelen på isolatørar innan mellom anna industri, energi og offshore gjer at det er eit stort fokus på rekruttering og kort veg til jobb.  

– Dette er ei gyllen moglegheit til å jobbe innan olje- og gassindustrien, seier Raymond.

Kurset han starta på var retta direkte mot arbeidslivet. I staden for lange skuleløp, fekk deltakarane praktisk opplæring kombinert med nødvendig teori. Etter eitt år med opplæring, gjekk Raymond vidare ut i bedrift. No jobbar han skift og pendlar nordover frå Bergen til Tjeldbergodden industrianlegg, nokre timar sørvest for Trondheim.

– 12-timars dagar går overraskande fort når du heile tida har noko å gjere.

På gassanlegget jobbar han med ulike oppgåver innan industriell isolering.

– Det er veldig variert. Eg gjer aldri heilt det same. Det er nye plassar og nye løysingar. Det passar meg godt.

No er målet først og fremst å få formell kompetanse.

– Først vil eg ta fagbrev, og så kan eg bygge vidare med kurs gjennom bedrifta. Eg har litt lyst å prøve meg på klatrekurs. Det betyr mykje for meg å komme i jobb igjen og å ha noko konkret som eg kan jobbe vidare mot.