Ønskjer du fagbrev?
Har du lyst til å ta eit fagbrev, men ikkje veit kvar du skal starte? Fagveg er eit samarbeid mellom Nav Vestland og Vestland fylkeskommune for å rekruttere fleire vaksne fagarbeidarar.
Med fagbrev blir du meir attraktiv på arbeidsmarknaden og stiller sterkare i konkurransen om jobb.
Du kan få hjelp til å
- få informasjon om kva samarbeid som finnast mellom Nav-fylkeskommune-bransje i din region
- finne rett fag og bransje
Som deltakar i våre samarbeid hjelper vi deg med å kome i kontakt med ei bedrift, utprøving i praksis ved behov og lage en plan for opplæringa fram mot fagbrevet.
Om du ikkje får tilbod i eit av våre samarbeid, kan vi rettleiie deg vidare på korleis du best går fram for å nå ditt yrkesmål.
Kven tar eg kontakt med der eg bur?
Rettleiingstenesta i ditt område har god oversikt på kva samarbeid Nav, fylkeskommunen og næringslivet har i ditt område.
Finn di rettleiingsteneste i Vestland.
Sjå også det generelle fagtilbodet i vidaregåande opplæring for vaksne i Vestland
Kommande møteplassar
På møteplassane kan du få informasjon om moglegheiter for å ta fagbrev. Du kan også møte bedrifter og skular som rekrutterer til opplæringsløp. Møteplassane er opne for alle interesserte. Sjekk ut kommande møteplassar her.
Kvam 15. april 2026
Stad: Holmatun kulturhus
Tid: 15. april 2026 kl. 10.00
Her kan du få informasjon om:
- logistikkfaget
Det er planlagt opplæring i logistikkfaget via skule, med nettundervisning og samlingar. Målet er at du deretter skal gå vidare til lære i bedrift så snart du er klar for det. Det meste av opplæringa skal skje i bedrift undervegs.
Odda 29. april 2026
Stad: Sentralbadet litteraturhus
Tid: 29. april kl. 10.00
Her kan du få informasjon om:
- barn- og ungdomsarbeidar
- ernæringskokk
- reinhaldsoperatør
- helsearbeidar
- kjemiprosess
For barn- og ungdomsarbeidarfaget, ernæringskokkfaget og reinhaldsoperatørfaget er det planlagt full opplæring i bedrift. Skule blir kopla på ved behov for teoriopplæring i enkeltfag.
For helsefag er det planlagt opplæring ved Odda vidaregåande skule. Målet er at du skal gå vidare til lære i bedrift så snart du er klar for det. Det meste av opplæringa skal skje i bedrift undervegs.
For kjemiprosessfaget er det planlagt opplæring i regi av skule over to år. Opplæring vil vere på fulltid med veksling av opplæring i skule og bedrift. Målet er deretter læretid i bedrift.
Bergen 28. mai 2026
Stad: Vestfag opplæringskontor, Storbotn 114
Tid: 28. mai kl. 13.00
Her kan du få informasjon om:
- isolatørfaget
Det er planlagt opplæring i isolatørfaget på verkstad ved Åsane vidaregåande skule i inntil eitt år. Målet er at du deretter skal gå vidare til lære i bedrift når du er klar for det.
Spørsmål og svar
Får alle som ynskjer, tilbod om eit kvalifiseringsløp i eit Fagveg-samarbeid?
Det er bransjen/bedrifta, med støtte frå Nav og fylkeskommunen, som inngår i våre samarbeid som velgjer ut dei kandidatene som dei ynskjer å teikne kontrakt med vidare. Gjennom Fagveg får du moglegheit til å møte bedrift og presentere deg. Motivasjon og interesse for faget er ofte det som er viktigst!
Når samarbeidet er ein del av eit ordinært vaksenopplæringstilbod i regi av skule, gjeld dei vanlege inntaksreglane, og ein søkjer plass gjennom Logg Inn - Voksenopplæringsportal Vi hjelper deg i desse samarbeida med å søkje inntak og med å knyte kontakt med aktuelle bedrifter som er tilknytte opplæringa når du får tilbod om plass.
Treng eg vere registrert i Nav?
Du treng ikkje å vere registrert hos Nav. Om du ikkje har behov for rettleiing eller stønad frå Nav i opplæringsløpet, er det i utgangspunktet rådgjevar i rettleiingstenesta i fylkeskommunen og bedrifta som følgjer deg opp.
Kor lang tid tar det før eg oppnår fagbrev?
Det vil vere individuelt frå person til person. Først vil vi gjennomføre eit kartleggingsmøte, der vi ser på din bakrunn med skule, arbeidserfaring og din veg fram mot fagbrevet. Så vil vi hjelpe deg med å finne rett opplæringssordning for deg og bedrifta.
Kva har det å seie for den økonomiske stønaden min?
Du kan framleis ha rett til å motta økonomiske ytingar frå Nav. Har du ikkje økonomisk yting frå Nav i dag, kan du ha rett på det under opplæringa. Dette vil vere individuelt. Saman med rettleiar i Nav vil vi gå grundig gjennom kva det betyr for økonomien din å starte på ei fagopplæring.
Finst det tilbod i alle fag?
Kva tilbod som finst kor i fylket, varierer. Rettleiingstenesta i området ditt har oversikt over kva samarbeid fylkeskommunen og NAV har der du bur.
Om vi ikkje har eit samarbeid om sluttkompetansen du ønskjer deg, kan dei likevel rettleie deg inn på kva veg du bør velje.
Korleis får eg rettleiing på kva eg skal utdanne meg til?
Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til vaksne over 19 år. Du vel sjølv om du vil snakke med dei på telefon, video eller på eit av deira seks kontor over heile fylket.
Les meir og ta kontakt: Karriere Vestland - Vestland fylkeskommune.
Dersom du ikkje finn ledige timar i kalenderen deira eller ikkje ønskjer direkte rettleiing, kan du nytte deg av karriereveiledning.no.
Dette er Fagveg
Det overordna målet til Fagveg er å få fleire vaksne (19 år og eldre) ut i fag- og yrkesopplæring, med individuelt tilpassa opplegg for den enkelte.
Fagveg retter seg mot deg som har ei svak eller ingen tilknyting til arbeidslivet. Dette betyr at du i dag kan finne deg heilt utanfor arbeidslivet eller at du allereie kan vere tilknytt ei bedrift. Kanskje har du ei deltidsstilling, eit vikariat eller ein annan form for kontrakt?
Det viktigaste er at du er motivert og ønskjer deg ut i jobb!
Utgangspunktet for Fagveg er privat og offentleg næringsliv sitt behov for fagarbeidarar. Tiltaka blir oppretta på bakgrunn av dette. Kva tilbod som finnast kor i fylket, vil difor variere. Rettleiingstenesta i fylkeskommunen kan gi deg meir informasjon om kva tilbod som finnst i området ditt.