Om Fagveg
Fagveg er eit samarbeid mellom Nav Vestland og Vestland fylkeskommune. Målet er at fleire vaksne skal ta fagbrev og kome ut i arbeid, og at bedrifter får tak i faglært arbeidskraft.
Næringslivet i Vestland treng fleire fagarbeidarar. Samstundes er det mange som heilt eller delvis står utanfor arbeidslivet. En del har ikkje fullført vidaregåande opplæring eller andre har ikkje kompetansen næringslivet etterspør. Gjennom Fagveg ønskjer Nav og Vestland fylkeskommune å samarbeide med bedrifter og bransjer med eit stort behov for faglært arbeidskraft. Vi ønskjer å hjelpe bedrifter med å finne eigna kandidatar og legge til rette for at desse kan få rett kompetanse. Aktuelle kandidatar er både dei utanfor utdanning og arbeid, samt dei som har ei lausare tilknyting til arbeidslivet gjennom deltidsstillingar, vikariat og liknande.
Samarbeidsavtalar
Nav Vestland og Vestland fylkeskommune har ein overordna samarbeidsavtale og tre underavtalar på opplæringsfeltet. Målet med avtalane er å gjere samarbeidet mellom Vestland fylkeskommune og Nav Vestland enklare, tettare og meir systematisk med et felles mål om å få fleire ut i utdanning og jobb.
Dei tre underavtalane er
- Samarbeid om ungdom (Oppfølgingstenesta si målgruppe)
- Fag- og yrkesopplæring for vaksne
- Karriererettleiing
Overordna samarbeidsstruktur
I samarbeidsavtalen om fag- og yrkesopplæring for vaksne har ein etablert strukturar som legg til rette for eit systematisk samarbeid mellom Nav og fylkeskommunen. Målet er å gi eit breitt og tilpassa opplæringstilbod basert på behov for arbeidskraft i regionen og brukarene sine behov.
Samarbeidsgruppe på seksjons- og fylkesnivå
Det er oppretta ein samarbeidsgruppe på seksjons- og fylkesnivå. Gruppa har faste møte og jamleg kontakt om oppgåver knytt til samarbeidsavtalane og ulike samarbeidsmodellar innan fag- og yrkesopplæring. Dei deltar saman i det nasjonale nettverket for samarbeid om opplæring og kvalifisering, koordinerer og følgjer opp felles samarbeidsutval.
Deltakarar i gruppa er frå avdeling Opplæring og kompetanse, seksjon kompetanse i Vestland fylkeskommune og i frå Nav er opplæringskoordinator og tiltakskoordinator med i frå fylkeskontoret Vestland.
Felles og lokale samarbeidsutval
Det er per i dag etablert et felles samarbeidsutval i Vestland, og det arbeidast med å opprette et til. Desse skal fungere som ein møteplass der dei ulike regionane i fylket er representerte, og der ein samordnar behov og planar. Regionane tek med seg inn kva kompetanse dei treng, kva kvalifiseringstiltak som manglar, og innspel til korleis utdanningstilbodet for vaksne bør dimensjonerast.
Formålet med utvala er å koordinere innspel og felles utviklingsarbeid, samt informasjons- og erfaringsdeling på tvers av regionar for å nå felles mål om eit breitt og tilpassa opplæringstilbod basert på behov for arbeidskraft i regionen og brukarene sine behov.
Kven deltek på felles samarbeidsutval?
Frå fylkeskommunen:
- Representantar frå Rettleiingstenesta
- Avdeling for Opplæring og kompetanse (seksjon Kompetanse, og ved behov seksjon for Inntak, forvaltning og sluttvurdering)
Frå Nav:
- Representantar frå regionane
- Opplæringskoordinator og tiltakskoordinator frå Nav fylkeskontor Vestland
I tillegg til felles samarbeidsutval er det etablert ulike lokale utval som skal sikre etterleving og utvikling i tråd med det som avtalen legg opp til. I desse utvala er det representantar frå vidaregåande skule, rettleiingsteneste og Nav lokalt.