Meld feil på veglys eller gatelys

Har du oppdaga mørke gatelys, eller feil på veglys? Meld frå!

Slik melder du feil på veglys på fylkesveg

Feil på gatelys langs fylkesvegane melder du frå i kartet under. 

Er feilen på kommunal vei? Sjå lenger ned på sida. 

  1. Finn riktig område: Start med å velje riktig område i kartet ovanfor, og gå deretter til det spesifikke feilmeldingskartet (Dokflyt). 

  2. Vel lampe med feil: Klikk på lampen som har feil. Om du har GPS-posisjon tilgjengeleg, kan du trykke på knappen nede i høgre hjørne for å zoome inn til området du er i.  

  3. Spesifiser type problem: Vel om feilen gjeld: 
    - eit gatelys eller flleire samanhengande gatelys 
    - mørklagt område (alle lampar på ei strekning er mørke, ofte grunna sikringsfeil). 

    Merk: Dersom fleire lampar i eit område er mørke, er det nok å melde feil på éin av dei. 

  4. Beskriv feilen: Angi kva meldinga gjeld, og legg gjerne til ein utfyllande kommentar eller bilete. 

Merk: Du vil ikkje motta tilbakemelding på e-post eller SMS, men du kan leggje inn kontaktinformasjon dersom vi skulle trenge fleire opplysningar. 

Meld om feil på veglys på kommunale vegar

 I desse kommunane melder du feil på veglys til Eviny 

Meld inn feil på veglys hos Eviny

  • Masfjorden kommune
  • Samnanger kommune
  • Vaksdal kommune
  • Bergen kommune
  • Høyanger kommune
  • Stryn kommune
  • Øygarden kommune (Riksveg 555)
  • Alver kommune (Europaveg 39)